Skip to content

50 dagar på tur

Me har vore på tur i 50 dagar. Her kjem litt statistikk. Frå Bergen til Krasnojarsk har me køyrd 11 120 km, som er omtrent 222 kilometer per dag. 50 dagar rekna om til timar er 1 200 timar, og me sat i bilen i 184 timar av dei.

Sist me rapporterte statistikk var frå Volgograd der me kom etter 20 dagar på tur. Sidan då har det gått 30 dagar. Frå Volgograd til Krasnojarsk køyrde me 7 157 kilometer og det tok oss 131 timar. Me brente 1 013 liter diesel som kosta 28 948 rublar (5 556 kroner eller 713 euro). Den billegaste diesel kjøpte me i Kemerovo til 21,3 rublar per liter. Me har bevegd oss gjennom 3 tidssonar (totalt 5) og har no 6 timar meir enn deko. Me søv stort sett i telt, berre i store byar bur me på hotell.

No er me altså forbi Krasnojarsk og har 2 dagar med køyring framføre oss – det er 920 kilometer til Irkutsk. Vegen var veldig fin heilt til me kom til Kansk der den endra seg til skikkeleg dårleg, heilt konkret grus. Det som var positivt var at dei heldt på å byggja ein ny veg og derfor var det mangje omvegar på midlertidige grusvegar. Me måtte ha ein pause frå den støvete og humpete vegen, so me stoppa ved eit vatn og lagde oss middag.

Litt seint på kvelden køyrde ein sjåfør forbi oss og ropte noko ut av vindauge. Me skjønte ingjenting, so me køyrde vidare. Me trudde han kanskje hadde drukkje. Han stoppa ein gong til og ropte at me hadde punktert og at det var ein bilverkstad 300 meter fram. Me stoppa ved eit tilfeldig hus sidan me ikkje såg nokon verkstad eller skilt. Der spurde me ein ung mann som stod der, han sa me skulle venta og sprang fort inn i huset. Ein eldre kar kom ut, berre i undikken, såg ut som han nettopp hadde vakna. Han trykte luft i hjulet vårt og sa at det var ein bilverkstad 700 meter framme. Han ville ikkje ha noko for jobben, han ropte at me måtte skunda oss før hjulet vart flatt att. På bilverkstaden jobba ein ung mann, han var åleine og det såg ut som han kjeda seg. Han lappa hjulet med ein gong  og skulle ha 100 rublar for det. Han fekk også kortet vårt som han vart veldig glad for og ville ha autograf frå oss 😊 I Norge hadde me sikkert ikkje fått hjelp so seint på kvelden. Klokka var alt ti om kvelden, so me måtte finna oss ein stad å sova på litt raskt. Rett etter Tulun parkerte me på ein forleten plass ved sido av vegen og jernbanen og la oss med ein gong. Me hadde 9,5 timar i bilen, var sveitte og klissete og skitne etter ein fæl varm dag i bilen på ein støvete veg.