Skip to content

Andre dagjen i Victoria

Føremiddagen gjekk i å ordne praktiske ting. For 2 dollar per dag kunne me surfa på nettet. Me prøvde å finna oss overnatting i Vancouver, men visste ikkje heilt når me måtte reisa til Seattle, so me venta med å tinga noko. Neste ting var å gjera nokre innkjøp som til dømes den øydelagde ildfaste forma. Me køyrde til Dollar Store der dei sel ting for ein dollar. Samstundes handla me mat på Thrifty Foods der dei hadde eigne folk som pakka varene opp i påsar, men dei kunne heller brukt dei til å betena fleire kassar.

  

  

  

Etter å ha lese brosjyren om Royal BC Museum fann me ut at ustillingane var interessante. So me tok buss til byen på ettermiddagen og kjøpte ein kombinert billett til museet og IMAX-kinoen. Kassedama snakka om at me ikkje hadde nok tid til å sjå museet, men det var to timar att før dei stengde. Museet var verkjeleg veldig stort og me rakk berre ein liten brøkdel av det. Me fekk med oss utstilling om urbefolkninga, BC dei siste 100 år, litt av naturutstillinga og læra litt om Emily Carr som var ein kanadisk artist inspirert av urbefolkninga på Stillehavskysten. Det var mykje fokus på urbefolkninga og me synest det er løye at rike land som koloniserte fattige land (i Canadas tilfelle britarar) berre kom til eit land som dei liksom oppdaga og gjorde krav på det då det alt budde folk der. Kven var dei at dei berre kunne ta landet til urinnbyggjarane og venne dei til alle sine uvanar som å drikke alkohol og smitta dei med sjukdomar som dei tok med seg frå Europa? Og at dei kunne skyta dei når det passa dei sida livet deira ikkje var like mykje verdt? I dag veit ein ikkje kor mangjen indianarar det opphavleg budde i Nord-Amerika, men ein antar det var mydlo 2 og 10 millionar! Ingjen veit det. I dag må indianarane kjempa for sine rettigheitar og sitt eiga land! Vancouver Island har vore bebudd av indianske stammer i 8 000 år. På 1700-talet kom spanske og britiske oppdagarar som gjorde krav på øya, til dømes Juan José Pérez Hernández og James Cook. Fleire av øyane mydlo øya og fastlandet har spanske namn.

Det var so utruleg mykje å sjå at me angra litt på at me kom so seint, men dei stengte kl. 17 og me måtte ut. Me rusla litt i parkjen utanfor museet, Thunderbird Park, der ei samling av totemer frå 1950-talet står. I parkjen står også Helmcken House, det eldste huset i BC, som i dag er eit museum. Det vart bygd i 1852 av dokter Helmcken, den fyrsten lekjar i Victoria.

Mens me venta på at kino skulle byrja, åt me på Salad Loop der me kunne velje frå salat- og fruktbar og me kunne forsyne oss me so mykje grønnsakar som me ville. På IMAX-kinoen som var ein del av museet såg me filmen Born to be Wild. Den handla om orangutanar på Borneo og elefantar i Kenya og var ei oppleving. Lerretet var so stort at me måtte snu hovudet for å sjå det heile, det var 25 meter breitt og so høgt som 6 etasjar i ei bygning.