Skip to content

Ankomst til San Francisco

I dag hadde me ikkje ein konkret plan, me skulle sjå kor me havna. Me prøvde fleire campingplassar, men alle var fulle. Grunn til det var at fyrste måndag i september er Labor Day og markerer sommarsesongslutt og skulestart. Det er masse folk overalt, både på campingplassar, restaurantar, kaféar, i byen, osv. Memorial Day, på den andre sido, markerer byrjinga av sommarsesongen og slutten av skuleåret. Den feirast siste måndag i mai, og er eigentleg til minne om alle soldatar som har falle for fedrelandet.

Til slutt havna me på Marin RV Park i Larkspur og tinga tre netter når me fyrst var komne so langt. Me var nemleg ikkje so langt frå San Francisco og denne byen hadde me lyst til å utforska litt. Me fekk ein RV-plass på grus, og hadde tilgang til dusj, internett og sol. Dette med sol er ikkje noko å spøkja med i San Francisco. På campingjen selde dei t-skjorta med skrift „On the sunniest side of Golden Gate Bridge” på. Larkspur ligg nord for San Francisco og med denne overskrifta meinte dei at sole finst på den nordlege sida av brua Golden Gate Bridge, mens San Francisco ligg på den sørlege sida og der er det kaldt. Det var ikkje tull, det var faktisk veldig kaldt i San Francisco. Me hadde ikkje aning om det, so me var ikkje so veldig godt kledd då me kom til byen.

  

  

  

Me hadde tekje buss til byen – linje 80 brukte 1 time og 20 minutt, det var masse bilar på vegen, det var heilt fult i alle fire felt på motorvegen lengje før Golden Gate Bridge. Å køyra på brua kosta 6 $ og det var mangjen bomstasjonar der ein kunne betala. Det var også gåande på brua, dei gjekk berre på venstre sido sidan den høgre sido heldt dei på å reparera. Det tok lang tid før bussen var i sentrum. Me gjekk av på Mission & 5th St. og ville stikke innom turistinformasjon for å henta litt tips om kva me kunne sjå og gjera i byen, men det var alt stengt. Me såg den berømte trikken som går opp og ned på dei bratte gatene i byen, og der folk står og heng ut av trikken 😊 Elles so rusla me berre litt rundt, såg oss litt om, tok ein kopp kaffi på ein kafé der me måtte kjempa om stolane fordi det var so masse folk. Kl. 21 tok me buss tilbake til campingjen. Luba snakka med ein peruanar som var nysgjerrig og lurde på kor me budde. Då me skulle gå av på vårt busstopp Lucky Drive involverte han heile bussen. Amerikanarar er veldig pratsame, dei er vane med å snakka med framande folk på gata, busstopp, bussen, eigentleg kor som helst. Når dei går på bussen og ser ein person sitja åleine, set dei seg ved sido av denne personen. I Norge er det stikk motsette, der ser folk etter ledige seter og set seg i alle fall ikkje ved sido av ein framand person, med mindre det er heilt fult på bussen. Amerikanarar er flinke med small talk, altså snakke om ingjenting, mens nordmenn ikkje er det. Slovakar er kanskje ein stad midt i mydlo. Det er sjølvsagt forskjell på folk, men generelt sett trur me at me kan seia det slik.