Skip to content

Bethlehem og Lititz

Dette er andre gongjen me er i Pennsylvania. Fyrste gongjen køyrte me frå Ohio forbi industribyen Erie til delstaten New York. Me har berre tekje ein rundtur i New England og no er me på veg sørover att. Akkurat no er me cirka 130 km vest for New York City og 90 km nord for Philadelphia.

Frå Delaware Water Gap, der me overnatta i natt, var det cirka 60 km til Bethlehem. Byen med cirka 75 000 innbyggjarar er ein av åtte største byar i Pennsylvania. Bethlehem vart grunnlagd av misjonærar frå Moravia i 1741 for å spreia kristendom blant urbefolkninga og tyskarar. Moravia eller Böhmen ligg heilt aust i Tsjekkia, mot grenso til Slovakia. Hugsar deko Gamle Sarepta, den tidlegare tyske koloni utanfor Volgograd, som me vitja i Russland? Den vart grunnlagd av den same tsjekkiske og moraviske menigheita frå Herrnhut (også kalla Dei bøhmiske brørne eller herrnhutarane) omtrent på same tidspunkt (1765). Denne menigheita i Pennsylvania hadde under kontroll fleire nærliggjande samfunn som til dømes Nazareth. I 1762 vart Betlehem den fyrste byen i Amerika med vatnverk for offentleg bruk. Bethlehem er også kjend for stålverket Bethlehem Steel Company som laga tårna til Golden Gate Bridge som vart skipa til San Francisco via Panamakanalen. Matmomsar som me er, måtte me smaka det dei laga her. Det vart kyllingsuppe og fleire små retter som innbakte potetbåtar og kvitlauksbrød.

Lititz er også ein busetnad frå Moravia grunnlagd i 1755 av fyrste von Zinzendorf. Navnet kjem frå Litice nad Orlicí i Tsjekkia kor etterfylgjarar til Ján Hus, Dei bøhmiske brørne, søkte ly i 1457. Ján Hus eller Johannes Hus var ein kristen reformator som leia den religiøse bevegelsen husittar og som vart brent på bålet i 1415 for sine tankar og handlingar. Lititz er ein liten koseleg by, eller betre sagt bydelen til Lancaster, med små butikkar og koselege kaféar. Det bur cirka 9 000 meneskje der. På den lokale sjokoladefabrikkjen Wilbur Chocolate Factory handla me sjokolade og på Cafe Chocolate & Bistro bestilte me sjokoladefondue og snakka med den hyggjelege eigaren Selina. Ho meinar at det er kundane som eig kaféen, ikkje ho. Ho tek seg tid til å snakka med alle kundane sine. Ho var fascinert over turen vår og hadde peiling på både Slovakia og Norge. Me kunne bu i hennar hus neste gong me er i Lititz 😊

Amerikanske bilskilt

Sidan me ikkje fotograferte mykje i dag, vil me visa bilete av amerikanske bilskilt. Me synest dei var interessante fordi i tillegg til kjennemerkje står det namnet på delstaten, gjerne mottoet til delstaten og av og til bilete som symboliserer delstaten.