Skip to content

Bilar på russiske vegar

I dag arbeidde me heile dagen med å finna ein lege/sjukehus. Geir fekk problem med auga sitt og me tenkte det var lurt å sjekka det. Me spurde både folk på gata, på hotell, på eit medisinsk senter, men dei sendte oss feil og me køyrde att og fram i byen. Og Jekaterinburg er ikkje akkurat ein liten by. Etter fleire mislykka forsøk hamna me på eit sjukehus i utkanten av sentrum kor me nesten gav opp. Fyrst fekk me beskjed om at augelegen skulle koma om to dagar, men plutseleg kom han. Me gjennomførte heile undersøkinga på russisk og det kosta oss ingenting. Geir var med legen til hans kontor der han hadde eit ultralydapparat og fann „feilen“ med ein gong. Han var uvanleg kunnskapsrik og imøtekomande og forstod at det var best å finna ein spesialklinikk med moderne utstyr. Dette var eit gamalt slite sjukehus. I mellomtida ringte vårt forsikringsselskap tilbake og me gav vår mobil til legen slik at dei kunne snakka direkte med han. Dei sette i gang prosess om å finna ein ny klinikk som kunne gjennomføra behandlinga med meir moderne utstyr. Forsikringa ringte oss fleire gonger og lurte på korleis det gjekk. Dei fann ein privat augeklinikk midt i byen og me fekk raskt time same dag. Me fekk beskjed om å koma att neste morgon og at behandlinga skulle ta 3 dagar. Både på sjukehuset og spesialklinikken var dei utruleg hjelpsame og hyggelege. Me hadde ikkje ete heile dagen så me fann oss ein café der me også kunne gå på nett og bestilla overnatting. Hotell Verona låg ca. 20 minuttar å gå frå gågata, men å køyra der tok oss minst 1 time. Det er utruleg mange bilar i russiske byar til ei kvar tid.

Sidan me ikkje fekk tatt nokon bilete i dag, vil me visa deko bilparken i Russland.

UAZ 452 er ein firehjulsdreven kassabil og minibuss lansert i 1966. Den ser slik ut i dag også og er eit legendarisk køyretøy som tek seg fram overalt. Også levert med plan eller som campingbil dei siste åra. UAZ har også nyare SUV modellar med moderne design. WWW.UAZ.ru Her vil du også sjå campingutgåva som er vorte ein slager i Tyskland. Til høgre UAZ 452 på bygde. Søt doning

„Sjefslada” i forholdsvis ny utgåve. Dei produserte fortsatt desse nye i 2011 og sikkert nokre år til

Litt uvanleg Lada for oss nordmenn

Ei Niva utgåve

Fyrste bilen til Medvedev

Denna er ikkje seld i Noreg. Legg merke til skøyten på taket og 4 dørar.

Sabba hjulavstand 😊

Vanlegaste politibilen, Lada Samara

Eldre Volga, 60-tal

60-tal Volga

70-80 tals Volga. Denne gjekk det ein del av i Norge. 2,4 liter 4 cyl bensinmotor

Nesten ny Volga, visstnok siste modell

Ein av dei siste Volgautgåvene frå 2000-talet

Og bak

Volga Coupe V12. Laga i nyare tid med klassiske linjer. Visstnok ein av dei finaste bilane som er laga og visstnok umogeleg å få tak i.

Nissan som aldri kom til Noreg?

Honda me ikkje har sett i Norge?

Også klassikarane Ford Mustang og Mercedes SL har funne vegen til Russland

Og ein kvit Mercedes Pagoda som ikkje lenger er løyseleg for normale folk

Stor luksus. Chaika eller noko slikt

Og ein Opel…

Sugebil

Nok ein sugebil

Ein brødbil på bygdene

Far med hjelm og 2 ungar uten

Gamle traller frå vest er vanlig å importera til Russland. Dei har eit hardt liv på delar av vegnettet med slaghol. Men dei nye vegane har god kvalitet.

Frå venstre/toppen:

1. Desse går visst ikkje an å stoppa. Trur det er ein Kamaz eller UAZ

2. Kamaz med nyare trekkvogn. Kamaz lagar lastebilar til alle formål. Det er stort sett russiske Kamaz og tsjekkiske Tatra som lagar alle moglege variantar av tunge køyretøy og desse er i bruk over heile verda på vanskeleg framkomlege stader (f. eks. vegen til Magadan).

3. Ting for skikkeleg ulendt terreng

4. Vanleg å sjå litt utanfor allfarveg. Desse er visst ikkje lett å stoppa. Kryssar ofte elvar med småbilar bak på slep 😊