Skip to content

Bilen er i boks!

Tre månader før turen kjøpte me ein Toyota Landcruiser HJ60 årsmodell 1985. Bilen har ein 6 sylindra 4 liters rekkjemotor på 104 hk. Den har store hjul 315×16 med høg profil og original dieseltank på 90 liter. Bilen hadde køyrt ca. 407 000 km.

Vår opphavlege plan var å køyre Range Rover årsmodell 2001 som me hadde frå før. Denne byrja tulla fælt på elektronikken så me såg oss om etter ein enklare bil. Toyotaen er ikkje avhengig av straum for å starta eller køyra og den kan sveivast i gang. Reservedelar får ein tak i over alt og det meste kan ein fiksa sjølv.

Korleis bygde me om bilen ?

Bilen skulle vera heimen vår i over eitt halvt år, så me ville ha med oss alt nødvendig. Me hadde eit telt på taket og sidetelt frå før, så då hadde me ein ting mindre å tenkja på. Me lagde ein skiljevegg rett bak framseta som gjorde at bagasjerommet var mykje større. Bak veggen hadde me kjøleskap og diverse lett tilgjengelege bruksting. Heilt bak delte me bagasjerommet i fleire deler og laga hyller for mindre ting på sidene og bak hadde me tette aluminiumkassar Zarges for å halda ting støvfrie. Me installerte ekstra store batteri på 2 x 105 amp/24 volt og kjøleskap. Omformar frå 24 til 220 V brukte me for lading av pc, telefonar, kamera, etc. Bilen fekk full service med lagerskift, skifting av diverse slitedelar og bremsar hjå Hardanger Bil AS i Øystese før avreise.