Skip to content

Borgarkrig i Gettysburg

Det er snart slutten av oktober og me kjenner godt at det har vorte kaldare. Dette var den fyrste natta då det verkjeleg vart kaldt og me hadde ikkje lyst til å gå ut, so me låg i teltet i 12 timar 😊 Men det var litt godt òg å sova litt frampå. Me storkoste oss på campingjen og laga oss varm mat til frukost, egg og bacon og kaffi med half and half, det er halvparten mjelk og halvparten fløyte.

På veg 30, Lincoln Highway, kom me oss til Gettysburg. Lincoln Highway var bygd i 1915 og var den fyrste nasjonalvegen gjøno USA som forband Times Square i New York City med Panama Pacific International Exhibition i San Francisco. Den var 4 828 km lang og på kvar mile (1,6 km) var det statue av Lincoln. I dag finst ikkje denne vegen, det er ei historisk rute.

  

  

  

  

I Gettysburg ville me sjå staden der borgarkrigens siste og største slag vart utkjempa i juli 1863. Slaget varte i tre dagar og kosta 7 000 soldatar livet og 44 000 vart skada. Det var her hæren til Unionen (gen. Meade) og Konføderasjonen (gen. Lee) trefte kvarandre. Lincoln vart valt til president til Unionen i november 1860, J. Davis vart valt til presidenten til Konføderasjonen i 1861 (utbrytarstaten i sør). Dei daue fekk ein skikkeleg kyrkjegard fire månader etter slaget. Gettysburg National Cemetery vart innvia den 19.11.1863 og Abraham Lincoln held sin berømte tale, Gettysburg-talen. Han snakka berre i 2 minuttar, men sa 272 ord om fridom og demokrati som er beteikna som eit meisterstykkje i engelsk språk. På staden står Gettysburg National Military Park, eit museum der ein kan sjå ein film, cyklorama (eit rundt maleri) og utruleg detaljerte utstillingar der kvart minutt av slaget er beskreve. Museet om borgarkrigjen var interessant, men veldig detaljert og stort.

I åkrane rundt byen står mangjen monument, det er ei rute som ein kan køyre på ca. to timar. Me stoppa på McPherson Ridge der slaget ved Gettysburg byrja den 1. juli 1863. Me stoppa også framom togstasjonen kor Lincoln ankom dagjen før han talte på National Cemetery.

  

  

  

  

  

  

  

  

På campingjen fann me ut at me hadde naboar som sov i bilen og at bestemor hennar var frå Slovakia 😊 Ho kom frå Brezová pod Bradlom (nabobygda til der me har hytta 😊) og flytta til USA i 1930. Verda er lita. På campingjen regna det, men me hadde plass under nokre trea, so det var ikkje so gale. Men me hadde ikkje handla til middag, og såg ein pizzeria på vegen, so me gjekk der.