Skip to content

Britisk Columbia liknar mykje på Norge

I dag byrjar me med oppdatering om bilen. EPA, altså Miljødirektoratet, hadde svart at me ikkje trengde deira godkjenning sidan bilen var over 21 år gamal. Dei andre reisande som me var i kontakt med, hadde ein bil som var yngre enn 21 år og dei måtte ha ein godkjenning. Det var eigentleg dei me fekk vita om det. Dei fekk klistra på eit gult klistremerke i døra på bilen. Det passa oss veldig fint at me slapp denne godkjenninga. Men nokre skjema måtte likevel fyllast ut, EPA 3520-1 og DOT HS-7. Me fekk skreve dei ut, men hadde problem med å scanna dei inn. I Canada og USA har dei eit rart format på A4-ark og enkelte dokumenta kjem ut av printaren på eit langt ark.

Når alle dokumenta var sende av garde, reiste me ein tur til sentrum av Vernon. I bygda/byen var det nokre få gater, me såg oss litt rundt og tok ein kopp kaffi på ein liten kafé. På matbutikkjen handla me mat og mannen bak oss i køen gav oss sitt rabattkort. Same mann trefte me seinare på Vinmonopolet og han anbefalte oss vin frå British Columbia. Me stod og prata med han i ein stund. Alle me snakka med i disse dagar nemnde terrorangrepet i Norge og kor sjokkerte dei var. Canadiarar var snilde og hjelpsame då me trengde hjelp. Dei likte godt å prata med framande, kanskje meir enn russarar. Sjølv om dei var hjelpsame, var det ikkje slik at dei heiv seg inn i bilen og køyrde framfor oss då me køyrde oss vill, slik russarar gjorde.

  

  

  

No har me vore i Canada, konkret i Britisk Columbia, i nokre dagar so me tenkte me kunne skriva noko om Britisk Columbia. Med sine 5,1 millionar innbyggjarar er den Canadas tredje største provins av totalt 10 provinsar. Den er Canadas vestlegaste provins og ligg mydlo Stillehavet i vest og Rocky Mountains i aust. I tillegg til dei andre canadiske provinsar Yukon og Alberta og Nordvestterritoria grenser Britisk Columbia også mot USA, i nordvest mot Alaska og i sør mot statane Washington, Idaho og Montana. Provinsen består stort sett av fjell og byar som Whistler eller Revelstoke, dei er populære vinterdestinasjonar med skitilbod. Canada er også kjend for fjordar og me kan bekrefta at Britisk Columbia  liknar mykje på Norge.

Britisk Columbia vart grunnlagd i 1871 då det vart med i Den canadiske konføderasjonen. På engelsk heiter den British Columbia og på fransk, sidan fransk er eit av Canadas offisielle språk, la Colombie-Britannique. Den forkortast til B.C. eller BC. Hovudstaden i Britisk Columbia er Victoria som ligg på øya Vancouver Island, mens Vancouver er den største byen i BC og ligg på kontinentet. Victoria har berre rundt 330 000 innbyggjarar, i Vancouver bur det 2,5 millionar meneskje.