Skip to content

Bryce Canyon

Ute var det berre 4 gradar so me åt frukost på vaskeriet for der var det varmt 😊 Fyrste plassen me passerte i dag var Red Canyon, gansje fine formasjonar. På besøkssenteret til Bryce Canyon såg me ein film om canyonen og korleis dei spesielle formasjonar har utvikla seg i løpet av millionar år. Bryce Canyon er eigentleg ikkje ein canyon, men ei samansetning av store naturamfiteater med hoodoos. Hoodoos er raude, oransje og kvite formasjonar forma som søylar, spir og tårn. Dei vart laga av erosjon påbyrja for 60 millionar år sidan og er opptil 60 meter høge. Bryce Canyon er 5 km lang og 3 km brei, og ein finn både sandsteinsklipper, djupe kløfter og løygne formasjonar der. Bryce Canyon vart etablert som nasjonalpark i 1928 og er oppkalla etter den mormonske innvandraren Ebenezer Bryce som busette seg i området i 1875. Parken er 145 km2 stor, mykje mindre enn Zion nasjonalpark, men den ligg mykje høgare. Sjøl om dei ikkje ligg veldig långt frå kvarandre, er det færre besøkjande i Bryce Canyon enn i Zion nasjonalpark på grunn av at den ligg litt avsides.

  

  

  

  

Det er laga til ein 29 km lang sti til dei 13 utsiktspunkt, både for gåande og køyrande. Bryce Canyon ligg 2 500 m.o.h. og er den nest mest utsette plassen i Utah for lyn og stormar. Og det fekk me snart oppleva. Me køyrde fyrst til Bryce Point på 2 529 m.o.h. der store mengder vatn kom ned frå himmelen. Då me kom oss til utsiktspunktet byrja det å regna og lyne kraftig. Ei dame heldt paraply og fekk støyt i handa gjønom paraplyen, men ho berre lo av det. Me hadde ikkje lyst til å verta trefte av lyn so me skunda oss til bilen før det vart heilt gale. Før denne sodoma kom, hadde me rukke å ta nokre våte og gråe bilete, og venta i bilen på at det skulle gå over. Men regnet gav seg ikkje so me køyrde til neste utsiktspunkt som var Inspiration Point (2 469 m.o.h.). Der regna det endå meir og me gjekk ikkje ut av bilen. Det var fleire sleke der, ein franskmann i bilen ved sido av oss hadde ikkje lyst til å gå ut i det heile tekje, han la ned setet og sov mens kåno maste 😊 Sunset Point (2 438 m) var endå eit utsiktspunkt der me kunne sjå Silent City, Wall Street og Thors Hammer. Men sandmonumenta var fine sjøl om det regna.

  

  

  

  

Frå Bryce Canyon ville me koma oss til Arches nasjonalpark, ei rute på ca. 450 kilometer. Me hadde ikkje lyst til å køyra hovudveg so me valde ein mindre veg (nr. 12) som viste seg å vera veldig bratt. Rett før byen Boulder var den ekstra bratt og bilen klarte ikkje å dra, me hadde full gass på fyrste gir ☹ Me hadde ikkje justert tilbake bolten på vacumpumpa etter me fekk ny fjør so det kom seg etter det. I Boulder stoppa me nokre mannfolk langs vegen og spurte om vegen. Dei sa at det var eit stort fjell framføre oss med stigning på 900 meter (me skulle til 2 800 meter over havet). Etter litt styr køyrde me likevel over fjellet og det gjekk bra. Me lurte heile tida på om den store bakken som dei snakka om ikkje skulle koma snart 😊 På vegen hadde me passert Capitol Reef nasjonalpark på høgre side og etter ein time kom me til Torrey der me overnatta. Det var alt kveld og isande kaldt, me kunne kjenne på temperaturen at me var høgt til fjells.