Skip to content

Canadas eldste Chinatown

I dag tok me ikkje bussen, men køyrde inn i byen. Det finst nesten ingjen parkering for bubilar, me køyrde gjønom heile byen før me fann ein i nærleiken av Chinatown. Chinatown i Victoria er Canadas eldste og Nord-Amerikas nest eldste etter San Francisco.

Historia går tilbake til 1858 då gull vart oppdaga i Fraser Canyon. Kinesarar kom både frå California i USA og frå heimlandet deira i Kina. Dei som reiste over Stillehavet kom fyrst til Vancouver Island før dei seinare busette seg på fastlandet. Endå fleire kinesarar kom til Canada då den transkontinentale jernbana skulle byggjast. Chinatown i Victoria vaks raskt og på det meste tok over seks kvartal i den nordlege delen av sentrum. I 1911 budde meir enn 3 000 menneskje i Chinatown som då var den største kinesiske busetnaden i Canada.

Av interessante plassar i Chinatown kan me nemne The Gate of Harmonious Interest som er inngangsport til bydelen, bygd i 1981 som ein del av oppussingsprosjektet i området. Canadas smalaste gate Fan Tan Alley var ein gong i tida eit kjend gambling-område med restaurantar, butikkar, men i dag husar den mangjen små butikkar, kunstgalleri, kontor og leilegheiter.

  

  

  

  

Frå sentrum var det eit godt stykkje å gå til Craigdarroch Castle der me vart med på ei omvising. Craigdarroch Castle var huset til Robert Dunsmuir, ein skotsk-canadisk kolmagnat som utvikla kolgruver og jernbane i Canada. Eigaren døydde eitt år før huset vart ferdig bygd i 1890 og kåno hans flytta inn med 10 born. Det kosta 500 000 dollar å byggja huset, og materiale kom langvegsfrå: granitt frå Britisk Columbia, flisar frå San Francisco og eiketrapp frå Chicago. Huset har ei overflate på 2 300 m2 og 39 rom. Dei romma me var innom var gansje myrke og me gjekk opp ei tropp og ned ei anna. Huset vart brukt blant anna som militærsjukehus, kontor og universitet etter at det vart seld i 1908. Sidan 1979 har det vore eit historisk museum og sidan 1992 Nasjonal historisk stad.

  

  

  

I morgon skal me forlate Vancouver Island og ta ferje til fastlandet att. Datoen for ankomst av vår bil til Seattle nærmar seg, so me har tenkt å koma oss litt nærare me òg. Framleis veit me ikkje nøyaktig kor tid bilen kjem, men det er greitt å vera klar. I Vancouver har me berre sove i ei natt, men ikkje sett byen. Det har me lyst til før me forlet Canada. So me tar nokre dagar i Vancouver, mens me ventar på gullet vårt 😊