Skip to content

Coca-Cola verda

Dagens høgdepunkt var World of Coca-Cola, museum om den kjende og populære drikken. Det ligg på Pemberton Place oppkalla etter apotekaren Pemberton som i 1886 fann opp oppskrift til cola. Oppskrifta har sidan vore strengt vokta og det er visst berre to personar som kan den. Pemberton levde ikkje lenge nok til å oppleva suksessen til drikko. På museet vart me møtt av ein veldig entusiastisk guide, såg ein teiknefilm fyrst og so kunne me gå på eigehånd og sjå utstillinga om historia og dei mangjen reklamar/plakatar laga om cola. På 4D-kino såg me endå ein film, kinosalen var so moderne at stolane bevegde seg, vatn spruta på oss frå skjermen og nokon stakk oss i ryggjen gjøno stolen. Wow! Me kunne smaka so mykje me ville på 64 forskjellige sortar laga av Coca Cola Company i ulike land. Til slutt vil me gjerne røpa oppskrifta på coca cola som me fekk vita på museet. Den hemmelege oppskrifta er universalitet – alle i heile verda delar jo den! Alt i 125 år 😊

  

  

  

  

  

  

Rett ved sido av Coca Cola World ligger Georgia Aquarium, verdas største akvarium på 30 millionar liter vatn og 100 000 sjødyr. Me prioriterte ikkje akvariet. Centennial Olympic Park var hovudplass for sommar-OL i 1996. Ved sido av parken ligg hovudkvarteret til CNN kor ein kan få gå i studio på omvising. Det gjorde me heller ikkje. I staden for gjekk me til sentrum og leita etter ein restaurant. Det er ikkje mykje i Atlanta sentrum, berre høge blokker, finkledde folk og nokre eteplassar.

Atlanta er Georgias hovudstad med ca. 498 000 innbyggjarar, men 5 millionar i storbyområde. Hartsfield-Jackson internasjonale flyplass er verdas mest trafikkerte flyplass og fraktar 100 mil. passasjerar i året. På 1950- og 1960-talet var Atlanta eit senter for bevegelsen som kjempa for borgarrettar med Martin Luther King i spissen.

  

  

  

På ettermiddagen køyrte me mot Nashville. Me tok veg nummer 24 som gjekk fyrst til Tennesse, so til Georgia og so til Tennesse att i løpet av ei lita stund. Me kom inn i Central Time Zone att, so me stilte klokko 1 time tilbake. Fram til no stilte me klokko alltid framover og mista 1 time i kvar ny tidssone. Det vert slik når ein køyrar frå vest til aust. Det gjorde me både i Russland og USA. Og no køyrte me eit lite stykkje nordvest og vann plutseleg på det – fyrste gongjen sido me har reist frå Bergen 😊

I USA er det offisielt 9 tidssonar. Me har køyrt gjennom 4 av dei: Pacific Time, Mountain Time, Central Time og Eastern Time. Alaska har ei eigen tidssone og 4 territoria utanfor fastlandet har òg eigne tidssone. Forskjell mellom det vestlegaste og austlegaste punktet er 8 timar. Forskjell mellom Norge/Slovakia og til dømes New York er 5 timar. Grenser mellom tidssonar er ofte grenser mellom delstatar, mens for eksempel Tennessee er delt mellom to tidssonar. USA har både vinter- og sommartid, men det er opptil kvar delstat å avgjera om dei skal ha sommartid. Hawaii har ikkje sommartid og det har heller ikkje Arizona, og der vert det litt komplisert fordi indianarstammar i Arizona brukar sommartid. No skal me stille klokko berre ein gong til når me kjem att inn i den austlege tidssono.