Skip to content

Connecticut frå bilvindauga

I Connecticut køyrde me langs kysten der me såg stronde og hus på stolpar lik dei i Florida, men også små byar og gamle hus med sjarm. Connecticut er heller ikkje ein stor stat, det bur ca. 3,6 millionar innbyggjarar der. Hovudstaden Hartford er tredje største by i delstaten. Saman med byen Springfield dannar den Knowledge Corridor, ein kunnskapskorridor med 32 universitet og høgskular. Yale University, eit av dei mest prestisjefylte universiteta i verda, ligg i New Haven. Delstaten har høgast inntekt per innbyggjar i heile USA.

Forbi New Haven som er Connecticuts nest største by kom me oss vidare til Danbury og inn i New York State att. Me stoppa på ein liten plass langs vegen og åt burger på Wendy´s. Den var ikkje god. Over Hudson River kom me til Central Valley der dei har Premium Outlet, me var berre forvitne på kva dei sel i butikkjane. Men det regna so fælt at etter ei lita stund vart me gjønomvåte og måtte springa tilbake til bilen.

Ved Port Jervis kom me inn i Pennsylvania, tok brosjyrar og tasta eit hotell i Delaware Water Gap inn i GPS-en. Etter ein liten time var me framme. Resepsjonisten var veldig interessert i kor me var frå, han kjente til Tsjekkoslovakia og spurte om alt mogleg. Han gav oss eit fint stort rom og om kvelden gjekk me ut for å eta på ein italiensk restaurant.

Amerikanske hus

Her kjem eit lite utval bilete av amerikanske hus som me såg langs vegen. Dei fyrste er frå sørstatane, mest frå område langs elva Mississippi som er kjend for sukkerrøyrdyrking. Dei rike sukkerrøyrplantasje eigarar eigde husa langs vegen og slik såg dei også ut. Me såg også hus av type shotgun, det vil sei smale og lange. Når ein skyt frå ein pistol, skal kulo koma ut på andre sida av huset. Då me kom til regionen New England i nordaust, likna husa mest på dei me kjenner frå Europa, helst England, men også Norge. Det var alt haust med fine oransje fargar då me kom dit og mangjen av husa var pynta til Halloween.