Skip to content

Den blå laguna

Sentrum av Reykjavík er gansje lite og me tenkte me kunne ta ein tur utanfor byen. Me hadde lyst til å sjå Den gylne sirkel og bada i Den blå laguna. For å koma oss rundt bestilte me ein bil som me skulle henta på flyplassen og levera den på flyplassen når me skal fly heim. Det var også praktisk fordi på vegen tilbake frå flyplassen kunne me ta ein tur innom Den blå laguna. I dag tidleg ringte me til bilutleige og dei føreslo at me heller kunne få utlevert ein bil i sentrum. Dei kom og henta oss der me budde og køyrte til deira kontor ved sido av busstasjonen.

Etter det køyrte me til Den blå laguna. Det regna so fælt at me ikkje hadde lyst til å gå ut av bilen, men det regna meir og meir og me kunne jo ikkje sitja i bilen heile dagjen, so me gjekk inn. Den blå laguna, Bláa lónið på islandsk, er eit spabad med mineralhaldig vatn som kjem frå det geotermale kraftverket Svartsengi. Vatnet er rik på minerala som silisiumdioksid (silika) og svovel, og brukast til behandling av hudsjukdommar, til dømes psoriasis. Vatnet har veldig blå farge på grunn av eit høgt innhald av kvarts og temperaturen i vatnet er 37-39 grader. Laguna er ein av dei største turistattraksjonane på Island med over 1,3 millionar besøkjande kvart år.

Den blå laguna er eit moderne badeanlegg med garderobe og dusj der deira eigne produkt som såpe, sjampo og conditioner står fritt for å brukast. Desse produkta inneheld silika, alger og salt, og skal ha helsebringjande effekt. Dei kan kjøpast dyrt i butikkjen. Besøk i Den blå laguna er ikkje billeg heller. I 2011 betalte me 9 600 ISK for to, det var 453 kroner eller 60 euro då. I dag kostar den billegaste billetten det dobbelte, 8 990 ISK per person som er 600 kroner eller 60 euro.

Det var godt å koma ut i det varme vatnet. Det var varmt og godt under vatnet, men ikkje so behageleg over vatnet. Håvene og øyrene våre fraus, det både regna sidelengs og hagla, det var ubehageleg, til og med vondt. Men det var gansje mykje folk der ein måndag i november. Me prøvde både massasjefoss, badstova og klabba på ein kvit masse på fjesingen som ein vart yngre av 😊 Etter grundig vask med dei gode vaskemidlane åt me litt på caféen, det var godt og varmt der og me var heilt skrukkete i fjeset av kulda og regnet.

  

  

  

  

Derifrå skulle me på ein liten sightseeing og me køyrte nordover til Akranes. Før 1998 då tunnel under Kvalfjorden (Kvalfjörður) vart bygd, måtte ein køyra rundt heile fjorden. Hvalfjordtunnelen forkorta turen med ein time ned til eit par minuttar. Den er tredje lengste vegtunnel (5 762 meter lang) og den einaste undersjøiske tunnel på Island. Den er også ein del av ringvegen rundt Island. Då me kom ut av tunnelen var det so mykje vind (27 m/s) og regn at det nesten ikkje gjekk an å gå ut av bilen. Heile bilen rista av vind og då me gjekk ut, vart me blest til sides. Det var ikkje vits i å kjempa mot naturkrefter og me snudde. Tilbake til byen køyrte me rundt heile fjorden slik dei gjorde i gamle dagar. Inst i Kvalfjorden ligg fossen Glymur som fram til 2011 var Islands høgste fossefall med fallhøgde på 198 meter.

  

  

  

  

Tilbake i Reykjavík var me ein tur innom bymuseet med utstillinga om dei fyrste busetnader 1 200 år tilbake i tid. Namnet til utstillinga „Reykjavík 871 ± 2“ kjem frå tefra som er vulkansk oske som la seg over heile Island etter vulkanutbrot i 871 pluss minus 2 år. Tefroteknologi er ei metode for å finna ut alder ved hjelp av vulkansk oske eller torv. På denna måten oppdaga arkeologar i 2001 ein vikinghall frå 930 og restar av ein torvvegg frå 870. Dei undersøkte ruinar av dei eldste busetnader på Island og fann ut at Ingólfur Arnarson og kona Hallveig Fróđadóttir var landets fyrste innbyggjarar.

På kvelden handla me mat på ein matbutikk. Me skulle laga oss plukkfisk til middag og kjøpte også den gode laksesalaten som Ivana huska frå sin tur til Island i 2006 😊

I USA skulle dei stilla klokko til vinterstid neste helg, mens i Europa har dei alt stilt klokko. Det gjer at forskjellen vert 5 timar, og ikkje 6 timar, i nokre veker. Island ligg i same tidssone som Storbritannia, det vil sei ein time etter Norge og Slovakia. Island brukar ikkje sommartid og derfor er forskjellen to timar om sommaren.