Skip to content

Den fantastiske atmosfæren i New Orleans

På campingjen hadde dei tilbod om shuttlebuss til sentrum, so me stod opp tidleg for å vera med. Sjåføren køyrte ikkje kortaste og raskaste vegen, men viste oss interessante plassar og fortalte om byen, folk og mat. Det var rett og slett ein guida tur. Han heiv oss av på Toulouse Station ved Riverfront der den raude trikken går. Dei lokale kallar den streetcar, ikkje tram. Trikken er nevnt i teaterstykkjet Streetcar Named Desire (Ein sporvogn til begjær) viss handling førgår i New Orleans. Den vart skriven av den amerikanske dramatikaren Tennessee Williams som han i 1948 vann Pulitzerprisen for.

Turen gjekk fyrst inn i det Franske kvarteret (French Quarter). Sentralt i det franske kvarteret ligg plassen Jackson Square. Under franskmenn heitte plassen Place d´Armes og under spanjolar Plaza de Armas. I 1815 vart den oppkalla etter Andrew Jackson for hans siger i Kampen om New Orleans. I 1856 fekk han ei statue på hest framom Ludvigskatedralen (St. Louis Cathedral). Katedralen er sete til romersk-katolsk erkebiskop og katedralen med lengst verksemd i USA. Den noverande katedral er frå 1849-51 og erstatta to tidlegare kyrkjer, ei som vart øydelagd av orkan i 1722 og ei øydelagd av brann i 1788. Paven Johannes Paul II. vitja den i 1987 og no er også plassen framom kyrkjo oppkalla etter han.

Den franske marknaden (French Market) er også ein populær turistattraksjon. Det var opphavleg ein handelsstad for urbefolkninga og er eit av USAs eldste offentlege marknadar (sidan 1791). Der er det masse butikkar, bodar og restaurantar der dei sel mat, kle og suvenirar. Dei selde til dømes turka alligator.

  

  

  

  

Etter Santa Fe var New Orleans vår andre by i USA utan skyskraparar og med hyggjeleg atmosfære. Fransk kvarter er det eldste nabolaget i New Orleans med mange historiske bygningar. Det var fint å spasere i dei små koselege gatene, Royal Street er ei relativt roleg gate med masse fine hus, balkongar med dekorerte jerngjerder, bloma og plantar. Me såg The Cornstalk Fence, heimen til den fyrste riksadvokaten i Louisiana Francois-Xavier Martin (1816-1828), som er eit hotell i dag. Bourbon Street, derimot, er ein party gate med masse barar og restaurantar. Det seiast at cocktail vart oppfunne i New Orleans. Folk går med drink i handa allereie på føremiddagjen og musikk når mange decibel. Dei kjøpar drinkar ein stad og forflyttar seg inn på ein ny stad med drinken i handa, alle får selt nok 😊

New Orleans er ein matmekka, her finst alt av mat. Me måtte sjølsagt smaka alle lokale spesialitetar, og skal skriva meir om dei i morgon. Då skal me smaka endå meir. Til middag prøvde me Shrimp Creole (reker med grønsaker i tomatsaus), dei var utruleg gode. So måtte me jo tilbake til Bourbon St. for å oppleva litt av galskapen. Det var vorte myrkt, bygningar vart lyst opp i alle moglege fargar og pubar, barar, strippebarar, fastfoodsjappar og mykje anna lokka til seg folk. Folk på balkongar heiv ned på folk halskjeder og andre ting som kunne brukast for å få rabatt inne i baren. Alle festa og var blide, det var masse liv på gata. Ei religiøs gruppa stod der med bannera og hadde lyst til å snakka om Gud, og folk stoppa. Kanskje ikkje so rart når me er midt i bibelbeltet. I det større området rundt byen (The Greater New Orleans) finst 160 kyrkjer. Siste bussen til campingjen var gått for lengst so me måtte ta taxi. Men det var definitivt verdt å få med seg den spesielle atmosfæren i gamlebyen i New Orleans. Det anbefalast 😊