Skip to content

Den transcanadiske highwayen

Me hadde ikkje kome oss heilt etter den lange flyturen, hadde framleis jetlag og sov til klokka 11. Det kom ein forvirrande e-post frå Mercer og ein frå Silver Wind om at dei var bekymra og at bilen vart sendt til Korea på fredag. Me skjønte ingjenting. Heile dagjen stressa me med å finna internett. Det var ikkje so vanleg å ha wi-fi på offentlege plassar eller uteplassar. Me stoppa fleire gongjer for å spørja om dei hadde internett, men det hadde dei ikkje. Ein tilsett på KFC sa at me kunna snakka med manageren og han var der på tysdagar og torsdagar! So då var me like langt. I tillegg køyrde me feil i Burnaby og brukte to timar på å køyra rundt før me til slutt kom til omtrent same plass som me starta på.

  

  

Me kom oss på Den transcanadiske motorvegen, Trans-Canada Highway, forkorta til TCH. Det er eit vegsystem som går gjøno heila kontinentet, gjøno alle 10 provinsar frå vest til aust. Heile ruta er 7 821 kilometer lang og er ein av dei lengste av sitt slag i verda. I provinsen Britisk Columbia startar den i provinshovudstaden Victoria (det er samstundes startpunktet for den nasjonale vegen) og går til grenso med naboprovins Alberta. Den har nummer 1 og er godt skilta, det er berre å fylgja grøne skilt med kvite løneblad.

Grenso mot USA var berre 6 kilometer frå der me var og me var livande redd for å havna der. Me hadde elektronisk visum til USA for 90 dagar og ville ikkje kryssa grenso før det var heilt nødvendig. Og nødvendig var det fyrst då bilen hadde kome til Seattle. Etter to timar på motorvegen svingde me av og inn i på ein mindre veg der me kom til ei lita bygd som heitte Yarrow. Der fann me et bibliotek, skaffa oss eit lånekort og gjekk på internett. Derifrå var det ikkje langt til Chilliwack der me parkerte på Cottonwood Meadows R.V. Country Club. Det er ein campingplass, me måtte ringja på ei klokka utanfor og sei kva me ville. Me ville bu ei natt, det var greitt, so rampa gjekk opp. Bestyraren budde sjølv i ein bubil på campingen. Prisen for ei natt var 42 CAD og alt var inkludert: straum, vatn, kloakk, raskt internett, dusj. CAD er canadiske dollar og kursen i 2011 var 5,7 norske kronar for 1 dollar. 10 år seinare er den 7 kronar. 

Kvelden brukte me til å søkja på nettet og leita etter ein agent som kunne fortolla bilen i USA. Me fekk mangjen e-postar frå Mercer, Silver Wind, Interbridge, HMM i Korea. Dei skreiv kor tid bilen skulle sendast ut av Korea og den heilt nøyaktige datoen var 29. juli, altså 8 dagar frå no av. No planlegg me å senda mailar til agentar i Seattle og forhøyra oss om dei kan hjelpa oss.