Skip to content

Den vetle fjellandsbyen Banff

Me vakna på parkeringsplassen til bensinstasjonen, åt frukost og observerte dei som gjekk forbi, noken skulle kjøpe seg mat, andre lufte hunden (dei var det ganske mange av). Etter å ha køyrd ein stund stoppa me i Field, ein liten plass med stort Visitor Center som ligg i Yoho National Park. På eit ungdomsherberge sjekka me e-post og fann ein beskjed frå Silver Wind om at me måtte senda dei vår amerikanske adresse fordi amerikanarar ikkje ville godta ei norsk adresse. Sidan me ikkje hadde ei amerikansk adresse, spurde me Monique om det var greitt å oppgi hennar adresse.

  

  

  

Det tok oss 1,5 time til Banff. Banff ligg i Alberta, men ikkje så langt frå grenso til Britisk Columbia. Den ligg i ein ny tidssone (Mountain Time) som er 1 time meir enn på kysten (Pacific Time). Banff er ein liten fjellandsby og ligg på 1 400 m.o.h. som gjer den til Canadas høgastliggjande by. Banff er ein av Canadas mest populære turistdestinasjonar, folk strøymer hit for sommar- og vintersportar og varme kjelder. Banff er senteret i Banff nasjonalpark som er ein del av Rocky Mountains og som i 1985 kom inn på UNESCOs liste over verdas kultur- og naturarv. Banff vart grunnlagd i 1885 og er oppkalla etter Banff i Skottland der ein av direktørane til Den transkontinentale jernbana kom frå. Banff har fleire likskapar med Voss: ikkje berre tal innbyggjarar (ca. 8 000), men også at det er ein populær turistdestinasjon. Om sommaren doblar talet innbyggjarar på beggje plassar seg.

  

  

  

  

Det var stor trafikk i byen då me kom og me sleit med å finna parkering fordi personbilar parkerte der kor bubilar skulle stå. Fram til no har me stort sett laga mat sjølve og ete i bubilen, so no var det på tide å smaka lokal mat. Derfor gjekk me til ein italiensk restaurant og bestilte canadisk pizza og Alberta beef burger 😊

Dei fleste butikkar er konsentrert på hovudgata Banff Avenue. Dei sel alt mogleg, frå suvenirar til sportskle og -utstyr, det er kaféar, restaurantar og eige besøkssenter for nasjonalparkar. Der kjøpte me årskort til nasjonalparkar fordi det løna seg alt etter 7 dagar. Og me har alt vore innom 3 nasjonalparkar.

På kvelden køyrde me ut av sentrum for å finna camping. Me var framleis positive til villcamping og fann ein grei plass rett nimme togskinnar. Toget gjekk ganske ofte og fløyta ganske høgt, det høyrdest ut som om togjet var inne i bubilen 😊 Etter ein stund fekk me naboar, so me var ikkje heilt åleine. På vegen dit såg me to hjortar gå over vegen so me er verkjeleg midt i naturen.