Skip to content

Ein dag i Hollywood

 

Frå campingjen reiste me tidleg, køyrde i ein time og sjekka oss inn på Leo Carillo State Beach, ein camping litt nærmare byen enn der me var i natt. Me hadde eigentleg ikkje planar om å leita etter ny camping, men plutseleg såg me at det var ledig der so me svingte inn og høyrte med dei. På vegen passerte me ein marinebase og såg politibilar og mykje security folk. Fyrst skjønte me ikkje kva det var, men so fann me ut at det var 11. september i dag, so kanskje derfor. Det er 10 år sidan terrorangrepet mot USA.

Los Angeles er kjend som sentrum for den amerikanske filmindustrien og Hollywood kunne me ikkje gå glipp av. Me hadde ikkje mat heima, so me gjekk ut for å eta frukost midt i Hollywood. Me et nesten aldri på McDonald´s, men i dag slo me på stortromma og bestilte „den“ frukosten. Eggjerøre, rundstykkje, karbonade, pannekaker og kaffi. Mette vart me, men kulinarisk oppleving var det nok ikkje. På Egyptisk teater skulle dei spela ein dokumentarfilm om Hollywood, men teateret var stengt då me kom dit. So me berre gjekk vidare til Hollywood Blvd. der stjerner med namn på kjente folk ligg på bakkjen. Det finst visst 2500 av dei. Folk tok bilder, det var lite som føregjekk og alt var veldig kommersielt. Ute på gata sto både Mickey Mouse, folk frå Star Wars og andre utkledde folk. På veggene til Kodak-teateret der dei delar ut Oscar-prisar var det namn på alle filmar som har vunne Oscar kvart år. På bakkjen framom China Theatre var det hand- og fotavtrykk av kjende folk. Guidar står på kvart hjørne og tilbyr alle moglege guida turar, ein av dei skulle gå forbi 50 hus til kjendisar.  

  

  

  

  

  

  

  

  

I Hollywood hadde me lyst til å sjå dei store Hollywood-bokstavar oppi fjellsido. Me køyrte til Griffith Park og Observatory, det var mykje bilar og folk på vegen. Me skulle berre ta nokre bilder framføre dei bokstavane og køyra ned att. Bokstavane er forresten langt vekke i bakgrunnen. Dei vart bygd i 1923 og fram til 1949 sto det Hollywoodland der. I dag er dei opplyst av 4000 lyspærar.

Gjennom Beverly Hills, som ikkje var so veldig spennande, køyrte me til Santa Monica. På strånde laga me oss middag, sat der ei stund og bada litt i Stillehavet. Det ver ikkje noko oppleving, det blas kraftig og vatnet var kaldt. På kvelden køyrte me heim og kjøpte oss mat til frukost, for me vil ikkje ha ei ny McDonald´s oppleving 😊