Skip to content

Ein dag i Krasnojarsk

Frå der me campa til Krasnojarsk brukte me 2 timar. Der parkerte me i ei av hovudgatene, mellom prospekt Mira og ul. Karla Marksa. Krasnojarsk er i ei ny tidssone so me stilte klokko ein time fram og er no 6 timar før Europa.

Region Krasjonarsk er utruleg stor. Om Perm skreiv me at den var like stor som Frankrike når det gjeld areal. Men Krasnojarsk-regionen er nesten like stor som heile Europa (heilt konkret som desse land til saman: Frankrike, Spania, Portugal, Storbritannia, Irland, Island, Norge, Danmark, Sverige, Finland, Belgia, Nederland, Tyskland, Italia, Østerrike, Polen, Tsjekkia, Slovakia, Romania, Bulgaria, tidlegare Jugoslavia, Albania og Ungarn). I tal er arealet 2,3 mil. km2 og det er 13,8 % av Russlands totale areal. I heile regionen bur det 2,9 mil. innbyggjarar og i byen Krasnojarsk ca. 1,5 mil. innbyggjarar. Gjennom byen renner Jenisej, ei av dei lengste elvane i verda. Den er 4 090 km lang og saman med Angara og Selenga har den ei totallengd på 5 550 km.

  

  

  

  

  

  

  

Ved elva er ei promenade med mangje uterestaurantar kor dei grillar rettar som sjasjlik og mykje anna godt. I bakgrunnen ruvar høge fjell, som det ikkje er mangjen av i Sibir. Ein kan òg sjå Nasjonalparken Stolby som er kjend for vulkanske steinstolpar og gode skibakkar. Etter kvart sette me oss ned på ein slik promenadecafé. Eigentleg ville me berre gå på do, men fekk klar beskjed frå ho dama som passa på toaletta at ho ikkje hadde byrja å jobba endå og at me ikkje kunne gå på do. Klokka var 13 så me veit ikkje kva arbeidstid ho hadde. So me sette oss på den fyrste kaféen og dei gav oss nykkelen til toalettet. Toalett var ein ting. Ein annan ting var den gode lukta av all den grilla maten som me plutseleg fekk so lyst til å prøva. Og maten var verkjeleg god. Ein eldre mann, me tenkjer han var eigaren, grilla pota og sjasjlik av kylling og lam. Han var nok den einaste som var oppegåande og han måtte jaga servitørane han hadde i arbeid til å ta imot bestillingar og rydde av bordene. Servitørane var unge jenter, mest interessert i å sitja, sjå på folk eller tomt ut i lufta, eller sminka seg. Ei av jentene var ansvarleg for pengane, men det såg ikkje ut som om ho brydde seg so mykje heller.

  

  

  

  

Ikkje langt frå elva er det lokale museet. Me vil påstå at det er eit av dei beste musea me har vore innom, og ikkje berre i Russland. Utstillingane var utruleg flott laga til, bra forklart, teksten var òg på engelsk og dei hadde til og med ein stor suvenirbutikk. Den etnografiske utstillinga handla om urbefolkninga og dei ulike folkeslaga som bur i Krasnojarsk-regionen. Blant dei var til dømes nenetsarar, ei folkeslag som lever som nomadar forbi polarsirkelen og driv med jakt. Det var utstilt fine kle med perler og eit fullt utstyrt hus på slede som dei flyttar med frå stad til stad. Utstillinga om livet i Sibir handla mest om dyr som har levd der som mammut, bison og nashorn. Midt i museet var det eit stort skip som dei brukte til oppdagingsreiser i Sibir. Dei hadde også ei aktuell utstilling om kosmonautikk sidan det i 2011 var 50-årsjubileum for fyrste flyging til verdsrommet og den vart sjølvsagt gjennomførd av Russland i 1961.

  

  

  

Etter museumsbesøkjet rusla me i byen, gjekk forbi teateret og fine fontenar. Ei av fontenane hadde damefigurar som symboliserte ei elv i kvar region med Angara i midten. I byparkjen står ei stor statue av Lenin og ei klokke med viktige årstal i byen si historie.

Sidan Krasnojarsk er ein stor by ville me gjera innkjøp som me ikkje kunne gjera på små plassar. Me gjekk for eksempel tom for gassboksar til primus, men det viste seg å vera umogleg å finna. Me kom over butikken Expedicia der dei hadde sport- og campingutstyr, men dei hadde ikkje gassboksar. Det var ikkje nokon krise, me fyrte med parafin.

På kvelden reiste me frå byen. Me måtte kjøpa olje til bilen, men dei hadde ikkje nok av det me ville ha (semi-syntetisk). Me ville ta ei flaske med mineralolje, men ho i butikkjen ville ikkje selje den til oss sidan det ikkje burde blandast. Geir som er kjemikar veit kva som kan blandast, men ho ville ikkje gje seg 😊

Klokka var nesten midnatt då me fann ein overnattingsplass. Me brukte litt tid på å finna plass som me likte, det var til og med lite mygg der. Me var slitne etter heile dagen på beina og me sat att med mangje inntrykk so det var berre å ta kvelden.