Skip to content

Ein dag i selskap med russisk byråkrati

I dag hadde me ikkje mangjen planar bortsett frå å ordna shippingjen og spørja om kinesisk visum. Me tenkte at me kunne vera i Kina mens bilen er på havet. Me sjekka ut av hotellet og gjekk til Silver Wind. På vegen sjekka me hotell Moryak og av ein eller annan grunn tok me rommet for 1 700 rublar. Dei skulle ha kopi av absolutt alle visaregistreringar og me prøvde å forklara at det ikkje var nødvendig fordi på andre hotella gjorde dei det ikkje. Dei gav seg ikkje og fortsette å kopiera. Me rusla vidare, forbanna på byråkratiet i Russland og folk som misforstår reglar.

På Silver Wind var dei greie, me skulle gje dei resten av papira dei mangla, men dei hadde me gløymt i bilen. Sidan agenten kunne byrja å jobba med vår sak med ein gong, henta me dei i bilen. Tilbake til Silver Wind overleverte me originalen til køyreløyva som me fekk tilbake i tilfelle me vert stoppa av politiet. Plutseleg var alt gode greier, ho eine dama byrja plutseleg å snakka engelsk, takka oss fleire gongjer og tilbaud oss paraply fordi det var byger ute heile dagjen.

  

Då det var opplett rusla me til endestasjonen til ein slags Fløibane. Det er ei av to sleke banar i Russland, den andre er i Sotsji. Me gjekk heile vegen, fyrst gjennom ein park med benker og so forbi ei stor rundkøyring og opp til Det tekniske universitet. På toppen heiter det Orlinnoje gnezdo eller Ørneredet. Der var ein utsiktsplattform med fantastisk utsikt over heile byen.

Namnet til Vladivostok betyr austens herskar. Det er ein inngangsport til Den russiske fjerne austen, nokon samanliknar den til San Francisco. Byen er hovudstaden i Primorskij kraj og ligg på Muravjov-Amurskij-halvøya. Det er ein fin hamneby med mangjen små øyar rett utanfor sentrum. Bukta i byen heiter Gullhorn og skal vera oppkalla etter bukta i Istanbul som den likna so mykje på. Den nye brua som dei heldt på å byggja var midt i den fine utsikta frå toppen av fjellet. Den fekk namnet Gullbrua etter forslag frå folkjet og er ei av verdas høgaste brua med sine 226 meter. Dei har snakka om å byggja den i nesten 100 år, men planane vart øydelagde av russisk-japansk krig, fyrste og andre verdskrig og til slutt perestrojka. Khrusjtsjov hadde lyst til å byggja den større og betre enn brua i San Francisco. Samstundes med denne brua bygde dei også Russkij most som forbinder Vladivostok med Russkijøya. Begge brua vart opna i 2012 før APEC-toppmøtet som skulle finne stad på Russkijøya.

Frå utsiktspunktet såg me heilt til Amursky zaliv på andre sido av halvøya Sjkota der hotellet vårt ligg, men fjelltoppen i enden av halvøya var dekka i skodda so den såg me ikkje. På toppen av fjedlet var også ein suvenirbutikk og statue til Cyril og Methodius (skrivast også som Kyrillos og Methodios). Dei var brørne frå Thessaloniki som også var i Slovakia og dei er kjende for å ha utarbeidd det glagolitiske alfabetet og evangelisere slaverne. Derfor er dei kjende i heile den slaviske verda.

  

  

  

  

  

  

I dag kontakta me eit visumagentur og sjekka korleis det var å få kinesisk visum. Dei kunne ikkje hjelpa oss, me måtte sjølv søkja om visum på det kinesiske konsulatet. Der må ein på eit intervju og det tar cirka 8-10 dagar å få visumet. Geir hadde fått nok av byråkratiet i dag og hadde ikkje lyst til å reisa til Kina. På vegen tilbake til hotellet kom det ei ny bya over oss og det var ikkje ein turr tråd att på oss. Det var ikkje småtteri, ute var det nokon enorme elvar og folk gjekk oppå ein mur og heldt seg fast i rekkverkjet for å ikkje detta ned i poiso. Det regna so mykje at mengda måtte ha slått Bergen. På rommet sette me alt på turk, kjøpte eit internettkort for to timar og søkte etter flybillettar. Me fann ei bra flyrute frå Vladivostok via Seoul til Vancouver for 25 000 rublar (5 000 kronar). Heile vegen over Stillehavet, me syntest det var ein god pris og vart einige om å kutta ut Kina.