Skip to content

Ein roleg dag i staten New York

Dette var ein av dei rolegare dagar 😊 Me må òg av og til ta det det med ro, kan ikkje gå på høgt gir heile tida 😊 Det regna då me sto opp og me hadde litt jobb å gjera på PC, so me køyrte til Millcreek Mall, eit av dei største kjøpesentra i USA, sette oss på Starbucks og jobba.

I går var me i Ohio, i dag i Pennsylvania og no køyrte me inn i New York. Mangjen forbinder New York berre med byen og ikkje delstaten, og derfor seier ein New York City om byen og New York State om delstaten. Delstaten er faktisk gansje stor. Den grensar mot Pennsylvania, New Jersey, Connecticut, Massachusetts, Vermont, Rhode Island og to kanadiske provinsar Ontario og Quebec. New York er den tredje meste folkerike delstaten i USA med 20 millionar innbyggjarar. New York med 8,8 millionar innbyggjarar er den største byen og Albany er hovudstaden. Utanom New York City er staten kjend for Niagarafallene og Lake Placid som er den fyrste byen i USA som arrangerte to OL (i 1932 og 1980).

På vegen passerte me Westfield, verdas hovudstad for druejus, noko me fann ut seinare då me kjøpte den på butikkjen. Dei har også det fyrste fyrtårnet i verda frå 1830 dreve av naturgass – Barcelona lighthouse. Me valde ein mindre veg, nr. 20, som går parallelt med motorvegen, og koste oss. Me passerte småstadar, druegardar og det var haustfargar over alt. For nokre dagar sidan heldt me på å smelta av varme og bada i havet, og no er plutseleg hausten komen. Sjølv om USA ligg sør for Europa, er me nesten kome til midten av oktober, og må ta fram kle som me ikkje har brukt på eit halvt år 😊

Framme på Grand Island sjekka me oss inn på eit motell fordi det striregna ute og me hadde ikkje lyst til å verta våte og frysa. Rommet me fekk var stort med eiga kjøkenavdeling. På kvelden planla me dei neste dagane med country musikk på TV i bakgrunnen 😊