Skip to content

Ein roleg dag på bygda

Trafikkjen på M5 mellom Samara og Moskva vekte oss tidleg og me høyrde også nokre skot so det var berre å koma seg avgarde. Etter ein time stoppa med for å eta frukost ved ein sideveg. Det var faktisk ein rasteplass der, eit sjeldant syn i Russland. Sidan me ikkje fekk brukt maten me hadde handla i går, lagde me oss den kongefrukosten. Me steikte løk, pylsa og erter og lagde oss endeleg god kaffi. Mjelk som dei sel på butikkar er ofte sur, så me kjøpte langtidshalbar mjelk denne gongen. Og me kan heller ikkje ha mjelk ståande i kjøleskåpet.

  

  

  

Etter to timar med køyring kom me til Usolje. Det er ei lita bygd ved Volga, med utsikt mot Toljatti og Volzjskij utes (her arrangerte Putin Russland-EU summit i 2007). I Usolje har dei eit museum om lokal historie og saltutvinning (namnet Usolje kjem frå salt). Det var visst salt i vatn som kjem frå fjellet. Der er også mykje salt i jorda rundt Volgograd og dei klarar ikkje å dyrka mykje. Men her i Samara-området var det mykje dyrka jord. Der museet er i dag var det ein gong skule kor far til Lenin, Ilja Nikolajevitsj Uljanov, underviste. Dei hadde eit lite utsal av handlaga ting, så me kjøpte både salt, smykke og dokker som suvenir. Sidan me hadde handla så mykje sa guiden vår at me slapp å betala inngangspengar. Men me måtte skriva oss inn i besøksboka fordi me var dei fyrste besøkjande frå både Norge og Slovakia. Guiden vår snakka veldig lite engelsk, så heile omvisinga føregjekk på russisk 🙂 Ivana må få skryte litt nå fordi fleire har sagt til ho at ho snakka bra russisk. Og ho hadde russisk berre i eitt år på barneskulen 🙂 I bygda hadde dei ei heilt ny kyrkje, den opna berre 2 dagar tidlegare.

  

  

  

  

  

  

Herifrå ville me ta ein snarveg nordover mot Uljanovsk slik at me slapp å køyra rundt. Det viste seg heilt umogleg. Etter å ha prøvd oss på småvegar, gjennom åkeren og fram og tilbake, måtte me spørja dei lokale. Etter 3,5 timar med tull kom me tilbake der me starta. Og med nesten tom tank. Det var ei ny oppleving å fylle diesel i ei lita bygd. Me måtte fyrst betala til nokon me ikkje såg bak luka. Så måtte me ha hjelp frå ein trailersjåfør til å slå på pumpa (det var ein knapp på sida). Og då tanken var full, etter ca. 70 liter, så rant diesel over. Me hadde betalt for 80 liter diesel på førehand og fekk tilbake det me hadde betalt for mykje. Her kosta diesel 24 rublar (5 kroner) per liter og nesten heile tanken 1600 R (320 kroner). Her såg me også ei vatnpumpe og fylte opp alle dunkane me hadde. Det passa fint fordi me hadde akkurat gått tom for vatn. 

  

  

  

  

  

  

  

  

Heile vegen til Uljanovsk var det så tettbefolka at me ikkje klarte å finna ein passande stad til camping så me berre fortsette til Uljanovsk med 636 000 innbyggjarar. Det var fult på dei fleste hotella i vår prisklasse så me måtte takka ja til hotell Oktjabrskaja. Det var eit gamalt sovjetisk hotell, riktig nok pussa opp, men ikkje verdt pengane. Og når ein ikkje ein gong kan kobla seg til internett.