Skip to content

Endestasjon til Den transsibirske jernbana

Natta var ikkje heilt vellykka. Me hadde ikkje sove godt fordi det var mykje trafikk og bråk frå bilane og blinkande ljus på kaféen. Me vakna klokka 07:30, smurde det me hadde av pålegg og reiste mot byen. Den vanlege vegen, ikkje den gjennom gjørma, er 12 km lang og tok oss nesten ein time, det var kø over alt. Sidan det var vanskjeleg å finna ”vill camping” utanfor Vladivostok, sjekka me oss inn på Azimut hotell Vladivostok. Me fekk eit røykjerom med gammalt bad i 4. etasje, men me oppheldt oss ikkje mykje på hotellet.

Det var berre rett ned gata frå hotellet, so var me på togstasjonen som er endestasjonen til Den transsibirske jernbana. Utan jernbane tok det fleire månader å reisa med hest og kjerre frå aust i landet, med jernbane tar det ei veka i dag. Bygginga av jernbana starta i 1891, berre 30 år etter at sjølve byen vart grunnlagd, utviklinga gjekk verkjeleg fort. Dei byrja arbeidet frå kvar sin ende og jobba seg mot midten. Seks år etter byggjestart var linjo Vladivostok-Khabarovsk ferdig. Heile bana stod ferdig i 1916 og forband saman St. Petersburg og Vladivostok. I dag er avstanden frå Moskva til Vladivostok 9 228 kilometer. Stasjonsbyggjet er bygd etter mal frå stasjonen Jaroslavskij vokzal i Moskva.

  

  

  

  

Lunsj åt me på ein pizzeria i Fontannaja ul. Pizzaen var kjempegod, men maten i Vladivostok er gansje dyr samanlikna med andre stader i Russland. Fontannaja ul. har namnet sitt av fontener eller kjelder som kjem opp frå undergrunnen. I nærleiken var det sidan 1931 leir for politiske fanger der fleire kjende personar sat. Til dømes rakettforskaren Sergej Koroljov, forfattarane Varlam Sjalamov og Jurij Dombrovskij eller poeten Osip Mandelstam.

I dag skjer alt i Fontannaja ulitsa. Der hadde også Silver Wind kontoret sitt som me håpa på kunne hjelpe oss med å shippa bilen over Stillehavet. Fyrst vart me møtt av nokre unge damer som eigentleg ikkje hadde lyst til å hjelpa oss. Vår førespurnad var ikkje nett det dei held på med til vanleg. I tillegg stressa dei med import av australske bilar og dei hadde problem med tollen (eigarane hadde venta i ei veke og måtte betala 350 dollar per dag til tollvesenet som ikkje vil sleppe dei gjønom). Seinare kom heldigvis sjefen deira, han var entusiastisk og sette i gang undersøkjing av moglegheitane (båt, dato, pris). Han hadde sterk amerikansk aksent, og var interessert i å høyra om turen vår. Han sa òg at me måtte fortolle tingjene våre, men det måtte me ikkje gjera då me kom til Russland. So me får sjå kva som må gjerast for å få bilen over havet. Dei fekk tlf/mailen vår og skulle gje beskjed med ein gong dei fekk veta noko.

Før me gjekk tilbake til hotellet, handla me vatn og vodka. I kveld skulle ankomst til Vladivostok feirast med middag og sjampanje på hotellrestauranten. Det var utruleg varmt inne på restauranten, so me måtte ut ein tur. Nedover bakkjen enda me på ein café som me kjem til å bruka litt dei neste dagane fordi dei hadde både internett som me no har meir behov for enn før og mat, kaker og ikkje minst fine toaletta. På vegen tilbake til hotellet regna det, men me måtte berre ta eit bilete av statua av ein tiger. Tiger har vore symbolet til Vladivostok sidan 1881, den er også i byens skjoldvåpen og det finst mangjen statuar rundt omkring i byen. Ein av hovudgatene heiter Tigrovaja.