Skip to content

Farvel Altaj, me kjem tilbake

Vegen frå Turotsjak til Gorno-Altajsk var god og tok oss over 3 timar. Landskapet var veldig fint med nokre få små plassar langs vegen. Dei hadde ein kyrkjegard høgt oppe over ei bygd. Gorno-Altajsk er ein relativt stor by, det er hovudstaden i Altaj-republikken. Dei har eit fint teater, eit stort krigsmonument, ein stor Leninplass og ei fin fontena (sikkert masse andre fine ting, men me stoppa ikkje der). Gorno-Altajsk har 50 000 innbyggjarar og heile Altaj-republikken rundt 200 000. Befolkninga er 34% altajer, 57% russarar og 6% kasakher. Av religion er det stort sett russisk-ortodoks og sjamanisme.

  

  

  

Me var på veg sørover mot Tsjemal som me fekk anbefalt av Vadim. Ved Ajskij most i Aja åt me middag: soljanka, russisk salat og sjasjlik. Beteningen var litt merkeleg, me kunne ikkje gå på do ein gong fordi dodama ikkje hadde vekslepengar (10 av 50 rublar) og var mest opptekjen av å strikke. Det er ei bru over elva Katun rett ved sida av caféen der me åt. Brua dingla mykje og me hadde ikkje lyst til å køyra der. Plutseleg vart det mykje kaldare, likevel 26 grader klokka 17, og det byrja å regna.

Me køyrde ikkje lenger sør enn til Barangol. Der er eit turistsenter med levande bjørn, kamel og nok ei vinglete bru (Geir likar ikkje vinglete ting). Her snudde me og køyrde nordover att. Me passerte grenso til Altaj-republikken, det var politikontrollar på veg inn. Det tok oss 3 timar til Bijsk. Der fylte me diesel att og køyrde i ein halv time før me slo opp teltet. Me fann ut at me hadde gløymd sveiva der me vaska bilen i går ☹ Men heldigvis er Geir en handyman så han laga ei provisorisk sveiv 😊

  

  

  

  

  

  

Korleis me fylde diesel

Det er alltid spennande å fylle diesel i Russland. Me trudde me hadde sett alt no, men jo lenger aust me kjem jo enklare bensinstasjonar er det. Dei fleste stasjoner ser sjølvsagt heilt vanlege ut, dei er moderne og det er også servering der som me er vane med i vesten. Dei veldig gamle stasjoner består av eit enkelt stativ og ”speedometer” som viser antal liter ein har fylt. Nokre stasjonar har berre ein slange som stikk opp av bakken. Ein må fyrst trykkje på ein knapp for å starte heile maskina. Når ein fyller full tank, skjer det nesten kvar gong at diesel renner ut, det er ikkje nokon stoppknapp der, ikkje på pistolen heller. Uansett, betaling skjer fyrst. Me må gje beskjed om kor mange liter me vil fylle. Eventuelt kan me seia at me vil fylle for 500 rublar, så betaler me det. Viss me har fylt mindre får me pengane tilbake. Me pleier å fylle full tank slik at me kan halde styr på kor langt me har køyrd og kor mykje diesel me har brukt. Det er litt vanskeleg å ha 100% kontroll sidan me har så store hjul og dermed vert det færre kilometer, ca. 25% mindre enn verkjeleg. So me rekna om heile tida 😊 Bensinstasjonar er ikkje langt mydlo, me hadde aldri problem å få fylt tanken, og gjekk heller aldri tom for diesel. Vår dieseltank er 90 liter og me hadde 2 jerrykanner med oss. Dei brukte me aldri.