Skip to content

Farvel Jekaterinburg

Siste dag i Jekaterinburg. Siste frukost på hotell Verona. Me var gansje trygge på kva me skulle få: speilegg og blini med kjøt og cottage cheese 😊 Den siste dagen klarde me endeleg å forklara at me heller ville ha vatn i staden for jus. Dette forstår dei ikkje i mangje land. Dei ynskjer å tilby sine gjester det beste, og vatn er tross alt berre vatn. Me likar også jus, men er mest vane med å drikka vatn. Dette er kanskje eit norsk fenomen, fordi vatn frå springen drikkes overalt: heima, på jobb, på kaféar og restaurantar. I Slovakia er me vane med å drikka vatn på flaske, sjølv om kvaliteten på vatnet i Slovakia er like høg som i Norge. Geir er ekspert på vatn, det kan henda at han kjem til å skriva meir om vatn seinare 😊

Me pakka tinga våre, sjekka ut og parkerte bilen i sentrum. På vegen til sentrum såg me turistkontor et som me hadde gått forbi fleire gonger, men visste ikkje det var turistkontor. Det ligg i Ul. 8 marta 21, viss nokon skulle ha behov for det 😊 Der hadde dei eit godt utval av kart, postkort, magnetar og suvenirar, men dei var ikkje veldig interessert i turistar.

I 2011 var det framleis 3 år til OL i Sochi, men alt då førebudde dei seg på dei i heile Russland. Bosco Sport var den offisielle sponsoren til OL og me kikka inn i butikken deira i Europasenteret då me gjekk forbi. Det ende med at me kjøpte oss ei t-skjorte kvar som eit minne.

  

  

  

  

  

  

Opphaldet i Jekaterinburg vart lengre enn planlagt og til slutt var me der i ei veke. Før me reiste ut av byen, ville me senda av garde brev til forsikringsselskapet i Norge. Me måtte samla og kopiere alle kvitteringane. Det var eit krav frå dei for å få refusjon av våre utgifter. Neste steg var postkontoret. Me har nesten gløymt kor lang tid det kan ta å ordna noko på eit postkontor. Her var det verkjeleg dårleg, me venta i meir enn ein time. Det var ikkje noko spesielt som føregjekk, dei var berre så utroleg lite effektive. Men interiøret til postkontoret er det ikkje noko å seia på. Marmorsøyler, vakre gamle lamper og ei stor statue av Lenin, sjå bilete under.

  

  

  

Heile dagen gjekk berre i byråkrati. Etter å ha handla mat var me klare til avreise. Klokka 18:30 var det framleis trafikkork og me brukte vel ein time på å koma oss ut av byen. Etter ein time med køyring fann me oss ein fin stad til overnatting. Me lagde oss middag, smurde nista til i morgon og la oss. Det var utroleg mykje mygg der, men fin solnedgang.