Skip to content

Festningen i Vladivostok

  

På mange russiske hotell har dei frukostmenyar ein kan velje ifrå; detta er også vanleg i Slovakia. Ofte er det heile middagsrettar. Viss me budde på same hotell i fleire dagar, varierte me for å få prøvd flest mogleg rettar. Det er utruleg spanande å sjå kva me får, kva dei lokale et til vanleg og smaka på nye rettar. I dag valde me frukostmeny nr. 2 – speilegg og bacon, eplekake og kaffi. Kaffi hadde dei i posar som såg ut som teposar, berre det var kaffi. Det hadde me ikkje sett før og syntest det var veldig praktisk. 

Tilbake på rommet bestilte me flybillettar som me fann hin dagjen. No var me sikre på at bilen var i orden og me kunne bestilla billettar til ein konkret dato. So då tok me 19. juli, tre dagar frå no. Fyrst skal me fly til Seoul, hovudstaden i Sør-Korea, der treng me ikkje visum for opptil 90 dagar. Me skal uansett berre byta fly. Flyreiso til Seoul tar 2,5 timar og me må venta på flyplassen i 5 timar. Me flyr med Vladivostok Air. Vidare til Vancouver flyr me med Korean Air og den turen tar 9 timar og 45 minuttar. Nøgde med kjøpet, forlengja me hotellopphaldet med tre netter. Det kosta 2 400 rublar per natt, so det var ikkje so gale.

No kunne me byrja å leita etter overnatting i Canada. Men kva skal me eigentleg gjera der? Me hadde ingjen konkrete planar, me visste berre at dei fyrste dagane måtte me styre med import av bilen til USA, det vil seia at me måtte ha tilgang til internett. Då me byrja søkja på overnatting i Canada, fann me ut at å leiga ein bubil i Canada kosta det same som hotell. So me byrja å vurdera å leiga ein bubil fordi i tillegg til overnatting hadde me også kjøken der og kunne laga vår eigen mat. Då har me også muligheit til å sjå oss om i British Colombia. Me får tenkja litt på det.

  

  

  

I mydlotida gjekk me ut med plan om å få i oss litt mat, og i fylgje Geir fann me oss den verste plassen på promenaden der me bestilte sjasjlik og plov. På vegen mot byen oppdaga me plutseleg at me kom ut der kor Silver Wind hadde kontor og at me kunne gå der dei andre dagane også. I same gato var det ein del eteplassar, so me tenkte me kunne koma tilbake seinare. Då me kom der på kvelden, lukta det urensa kloakk og bilane spruta den på oss då me gjekk på fortauet. Dette var nok til og med for Geir og me fortsette til Semjonovskaja ul. der det var ein del restaurantar.

  

  

  

Vladivostok var ein del av eit forsvarskompleks med 16 festningar, nokre kan ein framleis besøkje. På øyane utanfor byen, spesielt på Russkijøya, er det framleis bevart underjordiske gangar, kanoner o.l. På Festningsmuseet kort veg frå hotellet hadde dei ei utstilling om festninga si historie med mange modellar, kart og våpen. Ute stod gamle tanks, bilar, kanonar og rakettar. Festninga vart bygd mydlo 1880-åra og 1900-talet for å hindra japanske angrep. Den var operativ i perioden 1882-1923.