Skip to content

Følte me oss trygge i Russland?

Som me alt har nemnt so byggjer dei om heile byen. Det er greitt at det vert fint etter kvart, men rett utanfor hotellet jobba dei med piggemaskin dag og natt. Det var ein lat i dag. Bortsett frå å kvila på hotellet, søkja på ting på nettet og skriva reisebrevet var me òg ut ein tur. På eit kjøpesenter framkalla me bilete som me sendte som postkort.

Seinare gjekk me på Okeanarium, eit akvarium der dei hadde fisk frå Stillehavet. Mange av fiskjene var gole og blaue, nokon var litt stygge og blekkspruten var ikkje akkurat triveleg. Dei hadde òg piraja. Ein fisk likna på Geir, sjå bilete 😊

  

  

  

  

Folk skrømde oss om at det er svært farleg i Russland og at me kan verta skoten på open gata. Det har me ikkje merka noko til. Det stemmer at det var farleg på 1990-talet då Sovjetunionen kollapsa og mafiagrupper vart oppretta. I dag er det mykje politi ute på gata og på vegane og dei passar godt på. Det ser ut til at politiet har endra seg etter at Putin tok over då me aldri opplevde noko negativt og ingen forsøk på bestikkelsar i heile tekje. Tvert imot var dei venlege og me fekk til og med ei stor flaska iskaldt boblevatn frå kjøleskapet på politiposten langs vegen då det var over 30 gradar. Desse to politimenn var frå området, Tsjita, og fortalde oss om korleis dei hadde det i Russland. Den eine var innfødd burjatar (urfolk i slekt med mongolar) og den andre russar. Me fekk sjå bilete av ungane deira på smarttelefonen, noko som me sjølv ikkje hadde på den tida.

Det seiast at Norge og dei andre nordiske land er trygge land. Det er me einige i og me er sjølvsagt vane med at det er lite kriminalitet i Norge og trygt å bu der. Nokre folk låsar aldri sine hus eller bilar. Slikt hadde aldri gått i Slovakia eller i Russland. Me kjem frå to ulike land og sjølv om Slovakia og Norge er veldig like, er det nok stor ulikskap når det gjeld tryggleik. Etter mangjen år er me framleis litt ueinige når det kjem til kva som er farleg og ikkje farleg og kor mykje me skal låse og bekymra oss om sleke ting. For Geir er det naturleg å tenkja at ting ikkje er farleg, og det er veldig bra å tenkja positivt, mens Ivana som er oppvaksen under det gamle kommunistiske regimet er litt meir forsiktig. Då me reiste til Russland var me plutseleg veldig einige om at me måtte ta nokon førehandsreglar og førebu oss skikkeleg. Ein må vera forsiktig når ein reiser på tur sidan ein veit aldri kva som kan skje. Nokon av dei førehandsreglane me hadde tekje var til dømes å ikkje tulla i områder der me ikkje hadde noko å gjera, ikkje vera seint ute og på lugubre plassar, unngå vanskjelege personar, ikkje køyra om natta. Me har sikra oss med peparspray og personalarm med utriveleg lyd som me òg har i teltet (øks og andre ting dersom nokon ikkje klarar å oppføra seg) 😊

Me har kjøpt belteveske inntil kroppen kor me har pass og reservekort me ikkje brukar mykje, samt registreringane frå hotell som me må visa fram når me forlét landet. I tillegg har me alltid ein ryggsekk med det viktigaste i tilfelle bilen skulle vera vekke ein dag. Tryggleiken til bilen har me også tenkt på før avreise: den er kopla mot ein gps-tracker som me kan sende ein sms til for å få oppgitt koordinatane til bilen eller skriva ”move” og då gjev han beskjed om han skulle finna på å flytta på seg utan oss. Me kunne fylgja kor bilen var på Google Maps dersom nokon stal han og det var backupbatteri dersom dei kopla frå batteriet. Denne var skjult i bilen og det ville tatt lang tid å finna han. Me fekk nesten sjokk då me klokko 2 om natta fekk ein sms om at bilen hadde ”moved” og det verste var at me ikkje såg smsen før om morgonen. Bilen sto heldigvis i ro på parkeringsplassen bak hotellet, det var berre gps-en som justerte posisjonen meir enn 100 meter. Me har også ein alarm framme i ruta med blinkande raudt lys. Til slutt sikra me bilen med ei rattsperre som festast på rattet og bremsen og den er så vanskjeleg å få låst opp at det er så vidt me klarar det sjølve.