Skip to content

Forsikring og løyver

Bilforsikring, særleg av ein utanlandsk bil, er obligatorisk i Russland. I tillegg er reglane sånn at russiske sjåførar ikkje kan køyra utanlandske bilar. I Russland hadde me grønt kort som er gyldig i heile Europa. Sidan Russland er ein sentralisert stat, bør det som gjeld i Moskva også gjelde i Fjerne Austen, men det var ikkje lett å forstå for politimenn aust i landet. Det var kanskje også på grunn av at Russland ikkje var ein del av den internasjonale Grønt kort-konvensjonen før i 2010. I USA måtte me kjøpa ein lokal forsikring, som viste seg å vera vanskelegare enn me trudde. Me ordna dette på staden.

 

Me måtte også få eit internasjonalt førarkort og fekk faktisk to, då det gjaldt i ulike land.

 

Me teikna person- og bilforsikring for heile lengda på turen og det kosta oss ca. 7 000 kroner. Sjølv om det grøne kortet skal vera gyldig i maks. 3 månadar, klarte me å overtala dama i forsikringsselskapet til 6 månader (sanninga er at me nemnte at viss dette ikkje var mogleg, var me nøydde til å flytta forsikringa til eit anna forsikringsselskap).

 

Før turen las me også om eit løyve for midlertidig import av utanlandske bilar som måtte fornyast etter 14 dagar, ein lokal forsikring i Russland og tollskjema for køyretøy. Tilgjengeleg informasjon varierte veldig, alt etter kven som skreiv om temaet. La oss verta overraska 🙂