Skip to content

Frå Kentucky via Indiana til Ohio

I natt overnatta me i nærleiken av Diamond Caverns som skal vera finare enn Mammutgrotta. Jaja, me skal ikkje sjå dei, me skal vidare. Det var ein bildag i dag utan mykje unødvendig stopp, og me dokumenterte vegen og vegskilt på denne strekninga 😊

Louisville er ein av dei største byane i Kentucky. Den var grunnlagd i 1778 og oppkalla etter kong Ludvig XVI. av Frankrike. Louisville ligg på grenso mot Indiana og er også kjend for whiskey Kentucky Bourbon og KFC, Kentucky Fried Chicken, ein av USAs fyrste fastfoodkjeder. Av kjende folk frå Louisville kan me nemne til dømes boksaren Muhammad Ali, han var fødd og oppvaksen der. Av vennskapsbyar kan me nemna Perm i Russland.

Gjøno byen renn elva Ohio og den skal me fylgja heile dagen. Den er 1597 km lang, startar sør for innsjøen Erie og munnar ut i elva Mississippi. I kolonitida var den hovudvantkjelde for aust og vest. I borgarkrigjen danna den grenso mydlo statane til Unionen og Konføderasjonen. Ved byen Lawrenceburg møter statane Kentucky, Ohio og Indiana kvarandre i eitt punkt midt i elva. No er det so korte avstandar mydlo desse statane at me kryssa grensene i hytt og vær og bytar også mydlo tidssonar. Me er i Kentucky, og mens i går var me i den sentrale tidssono, er me i dag i den austlege tidssona, den me var i i Georgia. Indiana til dømes brukar sentral tidssone om sommaren og den austlege tidssono om vinteren (som Arizona). Me giddar ikkje å stilla klokko i dag, me sit berre i bilen uansett og på slutten av dagjen er me sikkert i ei anna sone 😊

I kveld var det heilt umogleg å finna ein camping. Me var komne altfor nær den store byen Cincinnati. Vel, dei plar å ha campingplassar i store byar òg. Det hjelpte heller ikkje at GPS-en fann ein campingplass, det var ingjenting der då me kom dit. Det byrja å verta myrkt og for at det ikkje skulle verta meir tull av det, sjekka me inn på eit motell. Det er fyrste gong i USA me ikkje søv i sengja vår. Det var litt løye. På rommet stod det to megasengjer, noko som me fann ut seinare var standard på amerikanske motell og sikkert også hotell.