Skip to content

Good bye, junaiten

I dag sov me litt frampå etter den fuktige natta. Me ville sjå Jersey City, men Helenas romkamerat sa at det ikkje var mykje å sjå, so me tok togjet til Manhattan istadenfor. Me gjekk av på 33th Street, endestoppet til togjet vårt. Derfrå gjekk me til Complete Traveller Bookstore, eit antikvariat med reiselitteratur. På Union Square i nærleiken er det marknad på måndagar, onsdagar og fredagar. Dei hadde alt frå bloma til brød, kakar, frukt, grønsakar, ost, vin, øl… Der fann me oss ein pannekakeplass med utruleg gode pannekakar. Me tok ei med ost og skinke, ei med prosciutto, ost og pota og ei søt med jordbær og myrk sjokolade. Nam.

Frå Union Square gjekk me til Washington Square og fann ut at det var her me drakk øl den eine kvelden. Det var eigentleg mykje restaurantar i Soho, men i går fann me ingjen 😊

Me forflytta oss til World Trade Center der det var stor aktivitet med å byggja nye tvillingtårn. På staden kor tårna til WTC opphavleg stod, var no to basseng omringa av tre og navn til dei 3 000 meneskje som omkom under terrorangrepet. 9/11 Memorial er til minne om terrorangrep både 26.02.1993 og 11.09.2001.

  

  

  

  

I Zuccotti Park var det protester som me også såg i dei andre amerikanske byane. Her valde dei denne parkjen fordi den var like i nærleiken av Wall Street og Finansdistriktet som er sentrum for verdsøkonomi. Dei fyrste protestane var arrangert nett her i Zuccotti-parken alt den 17. september og spreidde seg til 951 byar i 82 land. Bevegelsen som arrangerte protestane kalla seg Occupy-bevegelsen og deira motto var „Vi er 99%“ som tyder på at dei representerte hovuddelen av befolkninga. Dei protesterte mot den veksande sosiale og økonomiske ulikskapen, skeive fordelinga i næringslivet, meir makt for multinasjonale selskap, grådigheit i næringslivet og deira makt over statlege institusjonar og politikarar. Dei ville ha eit helsesystem for alle, jobb til alle, offentleg utdanning av god kvalitet og ikkje minst sunt miljø. Okkupantar hadde rigga seg til med telta sine, dei sto på gata og heldt skilt slik at folk skulle sjå dei og var klare til å diskutera med forbipasserande.

Wall Street var forresten byen si nordre grense på 1650-talet. Då heitte byen New Amsterdam og var styrt av nederlendarar som bygde ein bymur der. Navnet kjem visst frå Vallonia (Walloonia), den franskspråklege delen av Belgia, fordi i tillegg til nederlendarar var det mangjen vallonere som busette seg der, men det kan også referera til muren eller veggen (wall) som dei bygde der. I Wall Street ligg også Federal Hall kor George Washington vart inaugurert som president i 1789. Kongressen møtte der då New York var landets fyrste hovudstad.

Og her avsluttar me vår oppdagingsreise i New York. Me er nøgde med det me har fått sett i byen på dei få dagane. Me har dekka heile Manhattan frå Financial District, gatene 1st til 33rd Street, 33rd Street til Times Square og vidare til Central Park.

  

  

  

  

So no måtte me snart ta tog til New Jersey der me skulle treffe Helena. So ringde me til taxisjåføren me hadde avtalt at han skulle hente og køyre oss til flyplassen Newark Liberty International Airport (EWR). Han heiv oss av på feil terminal og me måtte ta tog til ein annan terminal og leita etter vår check-in skranke. Flybillettane hadde me bestilt då me framleis var i Canada, me ville ikkje risikera å verta stoppa på grenso til USA. Då valde me berre ein tilfeldig dato som ikkje skulle overstiga 90 dagar som me hadde visum til, og kjøpte billettar med Iceland Express til Reykjavik. Flyet letta klokko 21:35 og flyturen tok 5 timar og 45 minuttar, men me sov berre eit par timar, setene var harde og det var lite plass. Ikkje noko Korean Airlines. 

På flyplassen gjekk me ikkje gjøno passkontroll og fekk ikkje stempel i passane våre. Før me gjekk om bord flyet spurte me ein gong til, men fekk beskjed om at det ikkje var nødvendig. So me forstår ikkje kvifor tollaren på grenso frå Canada til USA var so tøff. Han sa til oss at dei skulle fylgja godt med og me fekk ikkje lov å vera i USA ein einast dag meir. Det er verkjeleg ufatteleg korleis amerikanske tollarar klarar å laga kvalme for turistar som kjem på besøk til deira land. Dei har ikkje moglegheit til å sjekka om dei har forlate landet eller ikkje.

I etterkant tok me kontakt med den amerikanske ambassaden i Norge for å høyra om det var ein standardprosedyre, altså å ikkje verta sjekka ved avreise frå landet. Dei sa at vår avreise skulle ha vore registrert ved å levera skjema I-94 som me skulle fått stifta i passene våre ved ankomst til landet. Men me hadde ikkje fått nokon I-94. Enten so var tollarane på togstasjonen i Vancouver svimne eller so hadde tollaren på grenso hissa seg sopass mykje opp at han hadde tekje skjemaet frå oss og hadde gløymt å stifta det att i passene våre. Ein annan måte å få registrert avreise frå USA er visst å gje fingeravtrykk ved eit US-VISIT exit station. Det gjorde me ikkje heller. So me får sjå korleis det går neste gong me skal til USA.