Skip to content

Goodbye Canada!

 

Me hadde reservert overnatting fram til i dag, ville forlengja det, men alle rom var booka. Sidan me framleis ikkje hadde fått melding om at bilen kunne hentast, hadde me bestilt 4 netter til på Patricia Hotel, det same hotellet som me budde på fyrste natta i Vancouver. Plutseleg, rett før me sjekka ut klokko 11 i dag, fekk me e-post frå Monique om at me kunne henta bilen neste dag. Me sjekka togbillettar til Seattle til neste dag, men det var ikkje fleire ledige. So me tok det på sparkjen og reiste allereie i kveld. Sidan me hadde problem på grenso då me kom til Canada, tenkte me at det kunne vera lurt å bestille billett ut av USA i tilfelle dei sjekkar det på grenso. Me visste me skulle køyra på tvers av heile USA og havna ein stad på austkysten so me bestilte flybillettar frå New York til Island. Samstundes avbestilte med dei 4 netter på Patricia Hotel.

Me sleit dei tunge ryggsekkjene til togstasjonen der me låste dei inn og henta ut billettar. I downtown sette me oss på Starbucks og bestilte hotell til i natt i Kent utanfor Seattle kor me skal henta bilen i morgon. Etterpå fekk me skreve ut alle dokument me meinte dei kunne vera interessert i på grenso. Etter å ha ete middag rusla me tilbake til togstasjon som heiter Pacific Central Station. Der henta me bagasjen og stilte oss i kø for å gå på toget. Den fyrste (og lengste) køen var berre for å få plass på toget. Me fekk plassar i business class med wifi.

Neste kø var USAs grensekontroll (CBP – U.S. Customs and Border Protection). Geir gjekk til ein snill tollar i skranken som ikkje stilte mykje spørsmål. Ivana derimot fekk ei aggressiv kjerring som spurde om alt mogleg, til dømes når me skulle reisa ut av landet og kva slags jobb me hadde sidan me hadde råd å betala for transport av bilen over Stillehavet. Ho var ufyseleg. Tollaren til Geir hadde ikkje noko imot å sleppa han inni landet og gjekk rett til betaling av visumavgifta (6 dollar per person). Det må ha hjelpt fordi tollardama til Ivana såg bort på han og stempla passet med „Admitted“. Då var me godkjende for USA.

På grenso som var cirka 1 time frå Vancouver kom tollarar inn i togjet, samla innreisedeklarasjonar og spurde folk kva dei skulle i USA. Me trudde at dei fyrste tollarane allereie hadde gjort det?! Me sa det som det var: me hadde shippa bilen over Stillehavet og skulle henta den i Seattle no. Den eine tollaren skjønte ikkje kvifor me skulle importera vår eigen bil til USA, han sjølv hadde reist til mange land, men aldri tatt med seg bilen. Og sidan me kom under ESTA-regelverket, so kunne me ikkje vera 1 dag lenger enn visumets gyldigheit (90 dagar) og gjorde me det, kom me aldri inn igjen i USA! Aldri! Og dei skulle passa på at me forlet landet når me skulle. Folk på togjet byrja å snu seg og lurde på kva som føregjekk. Han gav seg etter kvart, me redda sikkert dagjen hans.

Togturen varte i 4,5 timar og det gjekk fort. Toget likna veldig på dei norske, men gjekk på trestolpar. Til Seattle kom me 22:10 og tok taxi til Kent der me overnatta. Slitne etter heile dagjen sovna me som steinar.