Skip to content

Heimkomst

Dag 194 var siste dag av turen vår. Til saman køyrte me 36 492 kilometer: 18 638 i Russland, 3 040 i Canada og 14 814 i USA. Totalt sat me bak rattet i 580 timar eller 23,5 døgn som utgjer 12 % av totaltida på turen. Det betyr at me nesten ikkje har køyrt 😊 Bilen brukte 4 091 liter diesel som kosta oss rundt 24 000 norske kroner. I Russland og USA var pris for diesel omtrent lik, mellom 5 og 6 kroner per liter. I Canada var den over 7 kroner.  Bilen eller monsteret me hadde leigd slukte 3 liter per mil. Vår eigen bil brukte mellom 0,9 og 1,1 liter per mil.

Turen vår starta i Bergen den 30. april og gjekk via Norge, Sverige og Finland inn i Russland. Der gjekk den tvers gjennom landet, frå vest til aust. Me hadde ein liten avstikkar til Volgograd nesten ved Det kaspiske hav, ein til Altajfjella og ein til Bajkalsjøen. Elles fylgde me stort sett traseen til Den transsibirske jernbana og vart godt vane med å sova i nærleiken av togskinner 😊 Me har vore innom store byar som St. Petersburg, Moskva, Nizjnij Novgorod, Volgograd, Kazan, Perm, Jekaterinburg, Tjumen, Omsk, Novosibirsk, Krasnojarsk, Irkutsk, Ulan-Ude, Tsjita, Khabarovsk og Vladivostok. Men me har også vore på små stader der ingjen turistar reiser. Til Vladivostok kom me 10. juli og i ei veke heldt med på å ordna shipping av bilen til USA. Då hadde me reist 1/3 av jorda. Etter 80 dagar i Russland tok me fly til Vancouver og reiste rundt i Canada. Då me landa i Vancouver hadde me reist 2/3 av jorda 😊 I Vladivostok var det 9 timar meir enn i Nitra og Bergen, og i Vancouver var det 9 timar mindre enn i Europa. Tidsforskjell mellom Vladivostok og Vancouver var 18 timar og det kjende me godt på kroppen dei fyrste dagane i Canada. På den canadiske roadtripen vår vitja me byane Vancouver og Victoria og fleire nasjonalparker som Revelstoke, Banff og Jasper. Rundturen i Canada var litt begrensa, fordi me heldt på med å organisera import av bilen til USA og det var ikkje småtteri. Bilen hadde vore på ein båt over Stillehavet i ein månad og etter 31 dagar i Canada henta me den i Seattle den 19. august. So var det klart for eit nytt eventyr i USA. Frå Seattle køyrte me langs kysten sørover og fekk med oss både Portland, San Francisco og Los Angeles. Etter gambling i Las Vegas gjekk turen i området med fleire nasjonalparker som Zion, Grand Canyon, Bryce Canyon, Arches og Monument Valley. Byane Santa Fe, Dallas, fantastiske New Orleans, musikkbyen Nashville og Niagarafalla stod også på programmet. På Atlanterhavskysten tok me med oss dei gamle engelske byane Boston, Providence, Philadelphia, hovudstaden Washington D.C. og New York. Frå Baltimore shippa me bilen tilbake til Norge. I USA vitja me totalt 32 av 50 statar. Etter 78 dagar i USA tok me turen til Island der me var i 5 dagar. På Island oppheldt me oss stort sett i hovudstaden Reykjavík, og reiste ein tur for å sjå på dei store attraksjonane Thingvellir, Gullfoss og Geysir. Den 9. november sette me oss på eit fly til Norge og dermed avslutta vår ekspedisjon rundt jorda etter 194 dagar.

Lengst nord var me i Reykjavík som ligg på 64. breiddegrad (til samanlikning ligg Bergen på 60. breiddegrad) og lengst sør var me i New Orleans på 29. breiddegrad, men det vestlegaste og austlegaste punktet går jo ikkje an å finna sidan me reiste rundt jorda. Og då meina me bokstaveleg talt rundt jorda 😊

Når det gjeld veret, so var me heldige. Det var litt kaldt til å byrja med, i Sankt Petersburg hadde me ullstilongs på oss, men frå midten av mai til midten av oktober var det sommar. Det var stort sett over 25 grader heile tida. Og det regna nesten ikkje før me kom til austkysten av USA. Der gjekk temperaturen kraftig ned og me måtte ta fram ullkle att. Ikkje so rart, det var jo november.

  

Me er utruleg glade for at me reiste på denne turen. Det er ikkje lett å berre slutta i jobben, setje seg i bilen og dra av garde. Det var ei tøff avgjerd, men me angrar ikkje. Me har lært mykje på denne turen og meinar at å reisa er den beste investeringa i livet ein kan gjera. Det er ikkje berre det at ein lærer mykje om nye stadar, kulturar og meneskje, men også om seg sjølv. På ein tur utan altfor mykje planleggjing på førehand skjer mykje spontant, ein må ta stilling til ulike ting og utfordringar undervegs og i nokre tilfelle gansje fort. Berre det å vera saman med same person i 24 timar i døgnet er ei utfordring i seg sjølv, ein må lære å høyra på og respektera den andre, samstundes som det må vera mogleg å ta seg litt „fri“ frå den andre. For oss var denne „fritida“ under lange transportetappar i bilen, og sjølv om berre nokre centimeter delte oss frå kvarandre fysisk, so hadde me tid for oss sjølve då me kunne la tankane våre vandra og bearbeida den enorme mengda med opplevingar. Det at me ikkje hadde ein detaljert plan og reiste i vårt eige tempo, stoppa der me ville, kor lengje me ville og gjorde det me ville, handla mykje om fridom. Fridom til å reisa rundt og nyta livet.

Noko av det beste med turen var å treffa ulike folk i både byar og på bygda. I Russland vart me invitert heim til folk, noko me ikkje opplevde i USA. Dette har også litt med at me i USA stort sett måtte campa på campingplassar og i Russland kunne me stilla oss opp der det passa. I USA snakka me mykje med folk på campingplassane. Dette var ofte pensjonistar som hadde seldt sine hus og kjøpt seg store bubilar og reiste rundt i USA „resten“ av livet. Dei hadde mykje å fortelja etter eit langt liv. Me hadde ingen negative opplevingar verkjen i USA eller Russland og alle me trefte var veldig hjelpsame dersom me spurte om hjelp, trong tips om ting, lurte på vegen vidare eller berre skulle handla på butikk utanfor allfarveg. Ein ting som ikkje var likt i Russland og USA var at politiet i Russland var imøtekomande og hjelpsame på alle måtar medan politiet i USA var noko anstrengte og lite hyggjelege.

Sjølv om dette var vår siste dag på turen, er me ikkje heilt ferdige med den. Om cirka ein månad kjem bilen heim frå turen over Atlanteren etter byte av skip i Bremerhaven i Tyskland.  Me skulle få beskjed frå shippingagenten om når me kunne henta den i Drammen.