Skip to content

I den canadiske naturen

I dag vakna me til kald bil, men sol ute. Bilen framføre oss var framleis der, dei åt frukost ute og køyrde av garde. Me flytta oss til byen og parkerte omtrent der me sto i går, i nærleiken av elva Bow River. Me hadde lyst til å sjå oss rundt på sykkel, so me leigde syklar og sykla til Lake Minnewanka. Fyrst sykla me på Banff Avenue for å koma oss ut av byen og so måtte me kryssa Hwy 1. Over motorvegar har dei bygd bruer slik at bjødn, ulvar og hjort kjem seg trygt over vegen. Der det er fare for at folk kan treffa på villdyr, er det installert matter som folk går eller syklar på og desse opnar ein port med litt straum i (10 kV) som hindrar dyr til å kome i vegen for folk. Canadiarar er veldig opptekne av at dyr skal bu fritt i naturen og at folk skal hjelpa til at dei har det godt. I tillegg til desse tryggleikstiltak vert folk oppfordra til å rope i skogen slik at dyr ikkje vert overraska når folk kjem (me har alltid fått beskjed om å vera stille i skogen). I dag er det sleke bruar fleire stader i Norge, men på den tida var det nytt for oss.

  

  

  

  

Rett over hovudvegen er Cascade Ponds, eit fint vatn midt i vakker natur og område er tilrettelagt for piknik og barnefameliar. Me fortsette ca. 5 km på ein godt trafikkert veg Lake Minnewanka Road til innsjøen, me syklar både opp og ned. Me tok ein pause ved innsjøen, kjøpte oss ein softis og spaserte langs vatnet. Lake Minnewanka vart demt opp tre gongjer, den fyrste gongjen i 1895 for å få tilgang til båtar og seinare i 1912 og 1941 då vatnnivået steig 25 meter og innsjøens volum dobla seg. Tilbake til byen sykla me forbi innsjøen Two Jack Lake og fleire campingplassar. Me var litt redde for bjødn og måtte sykla fort. Ei dame sykla forbi oss, sikkert endå reddare enn oss, og skreik til oss „Oh my God” då me stoppa for å ta bilete.

  

  

  

  

  

  

Etter ein liten pause og handling på butikkjen sykla me litt til. Turen gjekk fyrst til hotellet Fairmont Banff Springs, eit stort hotell med 800 rom, eigne vaktar framom hotellet og eigne golfbanar. Folk frå heile verda reserverer rom fleire månader på førehand og nokon betalar gjerne 500 dollar per natt for å kunne bu på dei kjende Fairmont-hotella i Banff og Lake Louise.

Ikkje langt frå hotellet er Bow Falls, eigentleg ikkje so spennande, men fint. Tilbake til sentrum sykla me langs elva Bow, leverte syklane og køyrde til varme kjelder Banff Upper Hot Springs for å bada. Men me vart skuffa over kor lite området var, kor masse folk som venta på å koma inn og kor mange som alt var i bassenget. So me vil heller prøva i morgon tidleg og sjå om det vert mindre folk. Ikkje långt frå Upper Hot Springs finst ei gondolbane som tar folk opp på fjedlet Sulphur Mountain med utsikt til Banff. Fjedlet er oppkalla etter svovel (sulphur) som vart funne i vatnet i varme kjelder. På toppen er det restaurantar, fleire utsiktsplattforma og meteorologisk observatorium. Me hadde ikkje planar om å ta bana, me køyrde tilbake til villcampingjen vår i Compound Road der det alt var ein bubil og ein mindre bil.