Skip to content

Isbreane langs vegen Icefields Parkway

I dag reiser me vidare på Icefields Parkway, ein 230-km lang veg som forbinder Lake Louise med Jasper. Den har nummer 93 og vart bygd i 1940. Atlanter- og stillehavsplata treffest her og den kontinentale sprekken går langs Icefields Parkway. For å køyra der må ein kjøpa billett til nasjonalparkar.

  

  

Frå vegen såg me fleire isbrear. Den fyrste var Crowfoot Glacier som opphavleg hadde tre tær, men den nedste har smelta. Frå Bow Lake på 1 920 m.o.h. kunne me i bakgrunnen sjå den neste isbreen, Bow Glacier. So kom me til Peyto Lake som er oppkalla etter Bill Peyto, ein av dei fyrste vaktmenn i nasjonalparkjen, og som har ein spesiell form. Me stoppa på nedre parkering og gjekk opp til utsiktspunktet på Bow Summit som er det høgaste punktet på Icefields Parkway på 2 088 m.o.h. Vatnet renn inn i innsjøen frå ein isbre og har turkis farge. Det er visst den mest fotograferte innsjøen i dei canadiske Rocky Mountains.

  

  

  

Den største isbreen skulle me berre sjå, den heiter Columbia Icefield og har ei overflate på 325 km2. Hadde kvar innbyggjar i Nord-Amerika fått 1 m2, hadde det framleis vore plass til nokon gjestar på isbreen. Columbia Icefield er ein av dei største ismassane sør for Polarsirkelen og den einaste staden på kontinentet som førar vatn til 3 hav: Stille-, Atlanter- og Nordishavet.

Saskatchewan River Crossing var eit stopp på ruta for skinnhandlarar på 1800-talet og her møtast tre elvar: North Saskatchewan, Howse og Mistaya. Ved isbreen er det bygd eit turistsentrum, Columbia Icefield Centre, der me såg utstillinga om isbrear og tok oss ein kopp kaffi. Etterpå gjekk me opp mot Athabasca Glacier som er ein arm av Columbia Icefield, men på sjølve isbreen kunne me ikkje gå. Den har krympa utruleg mykje sidan 1885 då den var so stor at han kom heilt ned til dagens besøkssenter.

  

  

  

Me er framleis i Canadian Rockies som består av fleire nasjonalparkar: Jasper, Banff, Yoho, Kootenay med ei overflate på totalt 18 000 km2. Dei er også skrivne på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarvstader. Banff nasjonalpark er den eldste parkjen i Canada oppretta i 1885 (6 641 km2), mens Jasper nasjonalpark er den største med 10 878 km2 (oppretta i 1907). Jasper nasjonalpark er erklært til verdas største Dark Sky Preserve som tyder at det er ekstraordinært myrkt her. Mt. Robson (3 930 m.o.h.) er den høgste fjelltoppen i Canadian Rockies og ligg i Mt. Robson Provincial Park. Den transkontinentale jernbana (Canadian Pacific Railway) vart bygd ferdig i 1885 og går gjøno Canadian Rockies frå Ontario til Britisk Columbia.

  

  

  

  

Det var 241 kilometer frå Lake Louise til Jasper og det tok oss 3,5 timar å køyra. Me prøvde å få oss ein plass med straum, fordi me måtte lada diverse ting etter nokre dagar utan straum, men det var ikkje noko ledig lenger. Til slutt innkvarterte me oss på Whistlers camping der dei hadde 781 plassar, men heller ingjen att med straum. Det var ingjen gjerde mydlo campingplassen og skogen så dyra gjekk fritt på campingjen. Me hadde fått beskjed om å hiva bos i containerar fordi dei alt hadde hatt bjørnebesøk i dag. Mens me åt middag, gjekk det hjortar utføre bubilen og koste seg på campingplassen.