Skip to content

Isbrevatn Moraine Lake

  

I dag skulle me sjå på Moraine Lake. Parkeringa var stappfull alt klokko 10 og me fann den siste plassen på vegkanten. Det trudde me i alle fall. Men då me skulle rygga, sto det plutseleg ein liten bil bak oss og me rygga på han (burde lurt på kor han var vorten av då han køyrde bak oss oppover heile vegen) 😊 Dette skjedde også fordi Geir ikkje ville at Ivana skulle gå ut og navigera han mens han rygga det 11-meter lange beistet slik me fekk beskjed om hos bilutleigaren. Me gjekk ut av bilen og sjekka kva som hadde skjedd og me hadde berre køyrd litt på skiltet til bilen bak oss. Det var sveitserar på ferie i Canada og hadde også leigd bilen. So me fylte ut ei skademelding i lag og gjekk kvar sin veg. Det vart ikkje noko kostnad då me hadde same forsikringsselskap og skaden var nesten usynleg.

Moraine Lake er eit brevatn i Banff nasjonalpark, cirka 14 kilometer frå Lake Louise. Den ligg på 1 884 meter over havet og er omringa av 10 fjelltoppar. Det går fleire stiar langs vatnet, den mest kjende er Rockpile Trail. På innsjøen går det også an å padla. Me gjekk ein tur langs innsjøen, det var fint ver og naturen rundt oss var vakker. På vegen tilbake til bilen stoppa me på kaféen og kjøpte noken lokale varer og fekk 25 cents med motiv som me ikkje hadde endå. Kassadamo likte t-skjorto til Geir (Siberian fast food) og sa at dei hadde t-skjorte med Canadian fast food på i suvenirbutikken, so me kjøpte den. På t-skjorta er ein mann som prøver å rømja frå ein bjødn 😊

  

  

  

Vegen til Moraine Lake er ope berre om sommaren, om vinteren er det ei turløype. På vegen ned til bygda var det parkert masse bilar langs vegen og heilt nede slapp vakta ikkje fleire inn. So me var heldige som kom tidleg. Det løner seg å stå opp tidleg 😊 Me fann ut at det var so mangjen folk overalt denne dagen fordi det var ein fridag. Fyrste måndag i august kvart år feirast det Heritage Day i Alberta. Det vart feira for fyrste gong i 1974 og grunn til feiringa var den multikulturelle arva til befolkninga i provinsen. Det er ikkje ein nasjonal heilagdag, men ein dag som arbeidsgjevarar i Canada kan velje som ein fridag for sine tilsette frå ei liste over fridagar. Mangjen veljer å ta fri denne langhelgje, nokre butikkar og kontor held ope, mens andre kan vera stengd. Folk forlét byar og dreg ut i naturen, på camping, er saman med famelie og vener, besøkjer musea, festivalar og andre tilstellingar.

I sjølve bygda er det ikkje mykje: to bensinstasjonar, ein restaurant, postkontor, turistsenter, matbutikk, vinmonopol og nokre andre butikkar. På postkontoret fekk me sjekka mail (betalte 2 dollar for 15 minutt) og fekk passord for endå 15 minuttar frå eit par som ikkje hadde bruk for so mykje. Silver Wind sendte oss ein ny Bill of Lading som me skulle vidaresenda til Monique.