Skip to content

Islands gylne sirkel

Den gyldne sirkel sto på dagsprogrammet. Det fyrste stoppet var Thingvellir som ligg cirka 40 km nordaust for Reykjavík. Tingvellir eller Tingvalla (Þingvellir på islandsk) var den fyrste nasjonalparkjen på Island oppretta i 1928 og skreve inn på UNESCO-lista over verdsarv i 2004. På denne staden var det islandske stortinget (Alltinget) grunnlagd i 930 og fungerte fram til 1798 før det seinare vart flytta til Reykjavík. Alltinget var Europas fyrste parlament og landets nasjonalforsamling som vedtok lover og var også ein domstol. Lovene vart leste opp og vedtekne på høgda over tingstaden. Her vart kristendommen vedtatt i året 1000 og her erklærte islendingar sin uavhengigheit 17. juni 1944.

Þingvellir ligg på skilje mydlo den nordamerikanske og eurasiatiske tektoniske plato (Almannagjá) og ein kan tydeleg sjå sprikko. Denna sprikko var også årsak til at Thingvallavatn, den største innsjøen på Island, oppstod her.

Utkikspunktet ved turistsenteret var stengt for sesongjen, so me køyrte litt vidare. Me gjekk ei runde frå parkeringa til sprikko, sommarhuset til den islandske president og den vetla kyrkjo.

  

  

  

  

No har me flytta oss 40 kilometer til. Me skal sjå på Geysir som også er ein del av Den gylne sirkelen. Det er fleire geysirar på denne staden. Det geologiske namnet for geysir kjem frå det islandske ordet gjósa som tyder å bryta ut, strøyma. Aktiviteten i Store Geysir vart dokumentert alt i 1294 og er dermed verdas eldste aktive geysir. Den har vore lite aktiv i mange år før ei rekke jordskjelv i 2000 gjorde at den byrja å spruta vatn att. Utbrota er mykje lågare enn før, cirka 10 meter samanlikna med 80 meter før. Men utbrota er uregelmessige og det kan gå år mydlo dei. Geysiren Strokkur er ein mindre geysir rett ved sido av Store Geysir. Den sprutar kokande vatn kvart 5-10 minutt opptil 10-20 meters høgde.

  

  

  

  

Etter enda 40 kilometer kom me til Gullfoss, det siste stoppet i Den gylne sirkelen. Me byrja med ei varm lammesuppe til lunsj før me gjekk til fossen. Fossen ligg i øvre delen av elva Hvítá som tek med seg brevatn. Fossen har to kaskadar på 11 og 21 meter som begge renn ned i det 70 meter djupe juvet og vidare inn i den 2 km lange canyonen.

  

  

  

  

Me ser på prisnivået, og kjenner på lommebokji, at me nærmar oss Norge. Prisar på Island var lågare enn i Norge, men sjølsagt høgare enn i Russland og eigentleg også i USA og Canada. I 2011 var ei norsk krone 21 islandske kroner og ein euro var 158 islandske kroner. Berre nokre eksemplar. For tur-retur billett på flybussen betalte me 9 000 ISK, altså 424 norske kroner eller 56 €. Det vil sei 106 kroner eller 14 euro per billett. For middag for to betalte me 10 570 kroner (503 kroner, 66 euro), for to koppar kaffi på ein café 2 100 kroner (100 norske kroner, 13 euro). Museumsbillett kosta like mykje som ein kopp kaffi og overnatting for fire netter 1281 norske kroner (156 euro). Det var litt tragisk å koma tilbake til Norge der rekesmørbrød på Gardermoen kosta like mykje som ein heil middag i USA.

Og da var da. Vår siste dag på Island. Me skulle ynskja me var her litt lenger, men samstundes har det vore so dårleg ver at me heller kjem ein annan gong, helst om sommaren.

No er turen vår komen til si ende. Det er berre ein dag att av den. I morgon tar me nemleg fly til Norge og er tilbake til verkjelegheita. Me har ikkje tenkt so mykje på kva som kjem til å skje, me har ikkje ein gong ein stad å bu. For nokre dagar sidan ringte me til Terje der me budde før me reiste på tur i april, men han hadde fått andre leigetakarar, so der kunne me ikkje bu. I full fart prøvde me å tenkja ut kven me kunne spørja om å få lov til å bu hjå i nokre dagar framtil me finn oss noko. Det er liksom ikkje kven som helst ein kan ringja til dagjen før og spørja om ein kan koma om nokre timar. So me ringte til våre gode venner Rune og Mai-Lis. Og dei sa JA 😊 Tusen takk 😊