Skip to content

Kamp for meneskjerettar i Montgomery

Vår plass var den einaste som hadde sol i dag tidleg. Etter frukost reiste me nordover, fyrst over Mid-Bay Bridge der me måtte betala bompengar og so mot grensa til Alabama. Langs vegen såg me skilt som viste evakueringsrute i tilfelle orkan skulle treffe land (Hurricane evacuation route). Same opplegg som med evakueringsrute i tilfelle tsunami på Stillehavskysten som me skreiv om tidlegare. Folk er oppfordra til å reisa vekk frå kysten og inn i landet.

Me stoppa på Walmart for å handla, framkalla bilder, kjøpa medisin og fylla diesel (den billegaste i heile USA 0,912 dollar/liter). Etter ei stund på motorvegen (I-65) fann me ein rasteplass og laga oss lunsj. Der var det benker og bord og – overvakingskamera. Me lagde mat på primusen og plutseleg fekk me beskjed frå ein tilsett på rasteplassen om at kameraet hadde oppdaga „brann“, men det var greitt so lenge me gøymte oss bak stolpen 😊

  

  

  

  

Etter 4 timar kom me til Montgomery. Like før byen såg me ein campingplass, sjekka inn og reiste til byen som berre var 5 minuttar med bil. Me parkerte midt i byen ved sido av monumentet og museet om meneskjerettar, Civil Rights Memorial. Montgomery er kjend for sin kamp for meneskjerettar. Det var her kampen for like rettar til svarte borgarar byrja. Den starta med at Rosa Parks som tok buss heim etter ein lang dag på jobb nekta å reise seg for å gje setet sitt til ein kvit mann. Ho vart brakt for retten, dømt skyldig for uordentleg oppførsel og måtte betala bot på 14 dollar. Bussboikotten (Montgomery bus boycott) starta 5. desember 1955, same dag som rettssaka starta. Dette var starten på protestar mot politikk om rasesegregering i offentleg transport. Boikotten vart leia av Martin Luther King Jr. og afro-amerikanarane nekta å reisa med buss heile 381 dagar heilt til USAs høgsterett i 1956 avgjorde at rasesegregering i offentleg transport var ulovleg. Martin Luther King Jr. tente som pastor i den nærliggjande baptistkyrkja i Dexter Avenue i perioden 1954-1960.

På veggen til Civil Rights Memorial stod sitat av Martin Luther King Jr.: We will not be satisfied „until Justice rolls down like waters, and righteousness like a mighty stream“ (Me vert ikkje nøgde „før rettferdigheit renn ned som vatn, og ærligheit som ein kraftig straum“). Over sitatet hang eit banner der det stod „Fighting hate, teaching tolerance, seeking justice“ (Bekjempa hat, læra toleranse, søkja rettferdigheit). Fontena (ein stor sirkel med rennande vatn) synte viktige hendingar for kamp for borgar- og meneskjerettar. På museet såg me ein film om 60-talet, og guiden fortalte om nye tilfelle av rasisme i USA. Det siste tilfelle skjedde i Alabama 30. september, altså for 5 dagar sidan, der kvite ungdommar slo i hel ein svart mann og køyrte over han med bilane sine. Wall of Tolerance kunne besøkjande bruke til å skriva opp namna sine og på den måten støtte meneskjerettar.

Montgomery er hovudstad i delstaten Alabama, men ikkje den største byen. Alabama har vore bebudd av indianarar, seinare kolonisert av franskmenn, britarar, spanjolar og amerikanarar. Delstaten har i dag ein stor andel afrikansk-amerikansk befolkning. Staten har vore kalla for Black Belt, svartjordbeltet, grunna den fruktbare svartjorda sør i staten. Jordbruk, spesielt produksjon av bomull, har tradisjonelt vore hovudnæring i staten. I dag aukar både viktige tenester og meir industri, til dømes bilindustri. Dei lagar Toyota, Honda, Hyundai, Mercedes-Benz, for å nemna nokre.