Skip to content

Kvilestaden til siste tsaren

Jekaterinburg er også kjent for henrettinga til den siste russiske tsaren Nikolai II. og familien hans. Huset kor bolsjevikane drepte dei vart reve ned etter ordre fra dåværende ordførar Boris Jeltsin i frykt for at det skulle verta ein pilgrimsstad. På same plass vart det seinare bygd ei kyrkje til ære for Romanov-familien. Etter at dei vart drepne vart dei teke med til ein skog i nærleiken av byen kor dei vart hivne oppi ei gruvesjakt. Den ortodokse kyrkja betraktar denne staden som deira siste kvilestad sjølv om levningane til tsarfamilien vart frakta til St. Petersburg i 1998. Der ligg dei begravde på sida av sine forfedre i St. Peter og Paulskyrkja.

I skogen der dei vart grevne ned i eit hol står det no eit mannleg kloster (Monastery of the Holy Martyrs). Plassen heitte Ganina Jama og ligg ca. 16 km nordaust for Jekaterinburg. Klosterkomplekset er relativt nytt med ein del nye kyrkjer på området og stadig nye under byggjing. Kyrkjer og kapeller er stort sett bygd i tre. Fotografia som fortel om livet til tsarfamelien er hengt opp i ein halvsirkel på ei slags plattform kor ein kan sjå sjakta frå. Det var ein del besøkjande som bad rett framom holet/sjakta, før dei gjekk inn og ut av kyrkjene. Munkane selde heilag vatn (0,5 liter for 15 R). Kvinna har berre lov å gå inn etter å ha dekka til hovudet og tatt på skjørt lengre enn til knea.

  

  

  

  

  

  

  

  

  

So reiste me tilbake til byen for å sjå på Blodskyrkjo. Det var her Dom Ipatjeva ein gong sto og i kjedlaren her vart tsar Nikolai II., hans kone og fem barn myrda den 16.7.1918. Dette huset vart i 1977 reve ned av dåverande guvernør Boris Jeltsin som frykta at huset skulle verta ein pilegrimsstad. I dag står ei stor kyrkje på denne staden. Den har to etasjar, den lågaste er veldig låg, mens den øvste etasje har veldig høgt tak. Den vart bygd i 2003 og den opphavlege kjedlaren vart det teke omsyn til. Kyrkja er eit eksempel av bysantinsk arkitektur og har gylne kuplar. Ved sida står ei bitte lita trekyrkje. Kyrkja vart bygd til ære for Romanov-famelien som i seinare tid vart helgenar og kanonisert som martyrar av den russisk-ortodokse kyrkja.