Skip to content

Langs Atlanterhavet

I dag køyrer me langs Atlanterhavet, det regnar heile dagjen, so me stoppar ikkje so ofte. På ei strond i Charlestown plukkar me steinar og ser på Atlanterhavet. Til middag er det opplett, me har handla stort på ein lokal butikk i Westerly og lagar oss piknink på ein parkeringsplass på Groton Long Point. På menyen står pasta, reker, laks, kamskjell og fløytesaus, nam 😊 Forbi New London køyrer me til Madison der me tar ein kopp kaffi og fortset til Branford der me sjekkar oss inn på eit motell, vaskar kle og smakar vin me hadde kjøpt i Finger Lakes. På vegen passerer me hus, butikkar og heile byar som var pynta til Halloween.