Skip to content

Langs den kinesiske grenso på veg sørover

Frukosten på hotell Tsjajka var næringsrik. Me fekk ein tallerk med ris, kjøt og grønsaker. I dag køyrar me vidare mot Vladivostok. Det regna inni mydlo, men temperaturen held seg høg. Me køyrde heile dagen og på kvelden stoppa me i byen Dalneretsjensk. Der kjøpte me sjaurma, ei lompe med kjøt og grønsaker, og gjekk ein tur for å sjå oss om. Byen ligg på grenso med Kina, opphavleg heitte den Iman og på kinesisk heiter den framleis Yīmàn. På ein internettkafé sjekka me mail og reserverte hotell i Vladivostok. Me tok kvelden på ein parkeringsplass ca. 30 km før Spassk-Dalnij. Her la me oss i lag med lastebilsjåførar, rett ved sido av ein bensinstasjon. Det var haugar med grus øveralt, dei driv og byggjer rasteplassen.

  

  

  

  

  

  

  

  

Vegar og toaletta

Eit tema som mange sikkert er interessert i er vegar. Standarden varierer, nokre er gode, andre er ikkje det. Til dømes vegen frå St. Petersburg er bra nokre kilometer før store hol og humpar dukkar opp og ein kan ikkje køyra meir enn 50 km/t. Vegen til Volgograd er liknande: 200 kilometer klarde me på 4 timar med 50 km/t. Vegen er ofte limt saman av betongblokkar og det ristar på kvar skøyt. Men til dømes Amurvegen er framifrå. Då me køyrde der var den ny, men no etter 10 år veit me ikkje korleis den ser ut.

Langs vegen såg me mangje „dekkmonteringsbutikkar” og me lurar ikkje lenger på kvifor dei er så mangjen. Russiske veger tar knekken på mange bilar, folk køyrar gansje fort, til og med trailersjåførar. Nokre sjåførar er frekke og køyrar forbi på høgre sida ute på skuldera. Maks grenso held dei vanlegvis ikkje og den minste luka mydlo bilane må tettast med ein gong.  

Me såg ikkje mangje utanlandske lastebilar. Russiske sjåførar køyrar ofte for utanlandske bedrifter, eventuelt kjøpar dei eldre bilar med gamal reklame på bilar frå utlandet. Det finst alt av bilar i Russland, frå gamle Ladaer til dei nyaste Range Rovera (vårt beskjedne estimat er at dei må selje fleire Range Rovera her enn i Storbritannia).

Det er så mykje å skriva om toalett at me måtte laga eit eige avsnitt 😊 Kvalitet på toaletta i Russland varierer frå plass til plass. Dei fleste toaletta, spesielt langs vegane, er skitne og me vil nok ikkje anbefala dei. Dei er for det meste utedoar, men i utruleg dårleg tilstand som til dømes i dag då dei lukta so fælt at me ikkje klarde å gå inn ein gong. Mangje gongjer er det betre å gå på do i skogen, spesielt aust i landet. Tyrkisk toalett (der ein sitjer på huk) er utbreidd i Russland. Det er heller ikkje uvanleg å sjå toalett utan brett. Mangje plasser står det skilt om at dopapiret ikkje skal hivast i doet, men i bossbøtta. Heller ikkje på heilt nye kjøpesentra lagar dei skikkelege avløp. Ein stor del av Russland ligg riktig nok i Asia, men me vart likevel overraska over kor mykje toalett typisk for land i Asia me såg. Me skal ikkje gå i fleire detaljar, men me må samstundes seia at i Russland finst det også fine doar med både dopapir, såpe, vatn og turkepapir.