Skip to content

Lenin og Aleksander Nevskij – viktige personar i russisk historie

I dag tidleg hadde me planlagt å fotografera bilen på Den raude plass. Det er offisielt ikkje lov å køyra der, men det var sundag og lite trafikk, so me tenkte at me ville ta sjansen. Men dei drev og demonterte tribuna frå 9. mai på Den raude plassen, so politiet var også der og dei snudde oss med ein gong. Dei siste dagane hadde me vore på syning til nærliggjande gater kor me best kunne ta bilete ifrå. Så klokka 06:30 drog me av garde og rett til våre utvalde stader. Til slutt lyktast me ikkje med å ta bilete av bilen på Den raude plassen, men framføre Vasilijkatedralen rett ved sida av plassen 🙂

  

  

Etter frukost på hotellet gjekk me tilbake til Den raude plassen, denne gongen for å vitja Leninmausoleet. Det er ope klokka 10-13, så for sikkerheitsskuld gjekk me allereie kl. 9. Inngangen er gratis og alle tinga våre måtte låsast i garderoben. Fyrst venta me i ein kø, so i neste kø og so måtte me gjennom tryggleikskontrollen. Etter den går heile gruppa samla som born i barnehage på tur, langs Kreml-muren og til mausoleet. Der står og venter vaktmenn som passer på Lenin. Det er heilt myrkt inne. Lenins balsamerte kropp ser ut som ein voksfigur. Me går forbi Lenins sarkofag, fortset alle saman fint opplina etter kvarandre, og etter nokre minuttar er me ute igjen. Me fortset langs Kreml-muren til den andre enden av plassen, og passerer alle store statsmenn i Russland som Stalin, Andropov, Bresjnev. For å henta våre ting i garderoben, måtte me gå over halve plassen. På Den røde plassen foregikk noko, det såg ut som 1. mai-parade i gamle dagar. Folk veiva med flagg med Lenin på, so han hadde kanskje eit jubileum.

På Manesjeplassen oppdaga me eit stort underjordisk kjøpesenter. Det er den store plassen framom Hotel Moscow og i nærleiken av Den raude plassen og Aleksandrovskij sad. Me gjekk forbi kvar dag, men hadde inga aning om det. Her åt me lunsj og tok farvel med Moskva.

  

  

  

  

  

På ettermiddagen kom me til Vladimir som er 200 km aust for Moskva. Me havna på Hotel Vladimir med bevokta parkeringsplass. Det er viktig for oss når me vel overnatting at bilen står trygt. I resepsjonen tok dei kopiar av pass, migrasjonskorta og dei gamle registreringsslippane våre frå St. Petersburg og Moskva. Rommet var frå sovjettida, men reint og oppussa. I kvar etasje er det ein etasjeansvarleg (dezjurnaja). Denne personen, vanlegvis ei kvinne, har ansvar for heile etasjen, utleverar nyklar, vaskar kle, hjelper til hvis det er eit problem og generelt passar på at alt går fint føre seg.

Me har diskutert fleire gonger at det arbeider veldig mange tilsette på ein plass. For eksempel på eit hotell har dei fleire resepsjonistar og fleire vektarar som passer på bilar ute. På ein café/restaurant er det mange servitørar – i dag telde me heile 10 tilsette på ein café med ca. 20 bord, i tillegg er det som oftast ei eldre dame som berre tar imot bestillingar og ei til som berre tar imot pengar.

 

So bar det ut for å utforska byen. Sidan det var seint på ettermiddagen so hadde me ikkje håp om at noko var ope. Like i nærleiken av hotellet kom me over Uspenskijkatedralen (Maria himmelfart-katedralen), ei veldig fin kvit kyrkje frå 1160. Den sto modell for katedralen i Kreml i Moskva med same namn (der me var i forgårs). Den står også på UNESCO si liste over verdsarv. I katedralen finst bevarte freskoar av Andrei Rublov, den mest betydningsfulle russiske malaren av ortodokse ikonar og freskoar i middelalderen. Han malte dei i 1408 saman med Daniil Tsjornyj. Også murar frå det 12., 13. og 17. århundre er bevarte.

Ein annan typisk ting for ortodokse kyrkjer er klereglar. Me har allereie skreve at det var forbode for menn å ha hatt på hovudet og kvinner må dekkja til håret. I katedralen i Vladimir fekk Ivana streng beskjed av dei kyrkjetilsette om også å ta på seg eit plagg rundt livet som rekkjer ned forbi knea, i tillegg til eit skjerf på hovudet. Kvinner løyser det vanlegvis med eit skjørt. I byar med mange utanlandske turistar som St. Petersburg og Moskva er det ofte akseptert at dei ikkje fylgjer desse reglar, men lenger aust må ein „kle seg skikkeleg“.

Katedralen i Vladimir er viktig også fordi den opphavlege kista til Aleksander Nevskij var bevart der. Alexander Nevskij har status som helgenen i den russisk-ortodokse kyrkja. På 1200-tallet bygde han opp byen Vladimir og gjorde den til eit politisk og kyrkjeleg senter. Han fekk kallenamnet Nevskij etter elva Neva der han vann kampen mot svenskane i 1246. Levningane hans vart flytta til St. Petersburg i 1724 då han fekk status som russisk helt (Russlands fyrste krigshelt).

For historieelskarar vil me kort samanlikna denne perioden i russisk historie med vår historie. Det er løye at både i Slovakia og Norge fann viktige hendingar stad akkurat då. Og til og med i Nitra og Bergen 🙂 Nitra vart ein fri kongeleg by i 1248, då den ungarske herskaren Belo IV. gav byen kongelege privilegia for befolkningas innsats i forsvaret av slottet og byen mot tatarene. Bergen sitt bidrag til historia på denne tiden var kroninga av Håkon Håkonsson til konge i 1247. Han fekk bygd Håkonshallen i Bergen, der Ivana guida turistar i fleire år.

  

  

  

I dag òg måtte me eta. Heilt tilfeldig oppdaga me ein sjølvbetjent restaurant CCCP (SSSR) på kjøpesenteret Torgovie riady. Me bestilte salat stolitsjnij og salat dalnevostotsjnij (som tyder salat frå det fjerne aust), lula-kebab, kylling og pota innbakt med ost. Kaffi og øl tok me på puben Staraja krepost (gamal festning).