Skip to content

Maisskrelling på grenso til California

I dag var det kaldt og vått ute. Før avreisen frå campingjen måtte me dytta bilen fordi den gjekk tom for batteri i natt. Det skjedde nok fordi me hadde brukt fleire ting som går på bilbatteri, som lys oppe i teltet, kompressor til å blesa opp madrassen til Luba og lading med inverteren. So då måtte kvinneleg styrkje til att, og Ivana og Luba dytta tre tonn oppøver ein bakkje mens sjefen sat i bilen og fikla med tenningjen 😊

Cape Blanco er det vestlegaste punktet på fastlandet i USA. Me var med på ein guida tur i fyret. Fyret vart bygd i 1870 og tre fameliar budde der heilt isolert. Fram til 1937 fyrte dei med olje, etterpå kom det elektrisitet og ei pæra på 1000 W lyser heile tida. Det bles masse der, den sterkaste vinden som har vore meldt der hadde hastigheit på 273 km/t.

  

  

  

  

Etter ein handletur i Gold Beach tok me med oss dei gode ingrediensane og laga oss fantastisk middag på eit utkikspunkt som heitte Pistol River St. Scenic Viewpoint. Det var faktisk veldig vakkert der, landskapet såg ut som eit maleri. På grenso mydlo Oregon og California måtte alle stoppa grunna jordbrukskontroll. Tollaren spurde oss om me hadde mat med oss og me måtte jo svara ja sidan me nett hadde gjort eit større innkjøp.  Me svarte at me hadde mais, og det var greitt, men me måtte ta av bladene, hiva dei i boset og so kunne me køyra vidare. So me sat i bilen på grenso til California og skrelte mais 😊

  

  

  

I nærleiken av Crescent City sikta me oss på ein camping og fekk ein teltplass med straum og vatn, og utan tre slik at me hadde sol. Her kokte me maisen som me hadde skrella på grenso og vaska ein haug med klede. Detta var ein koseleg og rein camping. Det var ikkje så kaldt om kvelden som i går, men her må det seiast at me hadde ullunderty på oss. På Stillehavskysten er det ofte skodda og kaldt, mest om kvelden og morgonen, mens om dagjen er det varmt. Vassilij forstod ikkje korleis me kom til å klara oss i California uten air-condition i bilen. Han meinte at det plar å vera 40 grader der, men så mykje var det altså ikkje. På kysten hadde me motsett problem, og det var at det var kaldt. Og det blas.