Skip to content

Mammutgrotta

I dag tok me det heilt med ro. Etter frukosten oppdaterte me vår køyrerute på kartet på bilen. Etterpå var me på eit kjøpesenter og såg oss litt om, so åt me sandwich og chips på ein meksikansk fastfood og køyrde inn i Kentucky. Frå Nashville er det ikkje langt til Kentucky. Nashville er ein relativt liten stat og grenser mot 8 andre delstatar. Kentucky er ein av fire statar i USA (dei andre er Massachusetts, Pennsylvania og Virginia) som er klassifisert som Commonwealth. Det betyr at regjeringa baserast på folkets felles einigheit i offentlege saker og ikkje på viljen til den britiske kongen. Men det har ikkje nokon rettsleg betydning. Kentucky er kjend for hesteveddeløp Kentucky Derby eller whiskey-produsent Jim Beam og Kentucky Bourbon Trail. Både Abraham Lincoln (Unionens president) og Jefferson Davis (Konføderasjonens president) var født i Kentucky. I 1861 var Kentucky på begge sider av krigen: 40 000 soldater i Confederate Army og 100 000 soldater i Union Army. Elva Ohio var grenso mellom „fristatar“ og „slavestatar“.

  

  

  

Omvising i mammutgrotta (Mammoth Cave) ville me ikkje gå glipp av, og me rakk akkurat den siste i dag. Grotto heiter Mammoth Cave grunna storleiken. Det finst 630 kilometer med gangar som so långt har vore oppdaga, og det gjer den til verdas lengste grottesystem. I 1941 vart den til nasjonal park og i 1981 verdsarv. Me tok omvising Historic Tour som varte i 2 timar, men imponert var me ikkje. Me var rett og slett skuffa. Det var nesten berre det store rommet Mammoth Dome og tronge gangar å sjå, ikkje mange formasjonar. Me byrja i det store rommet og avslutta i eit lite smau der det nesten ikkje gjekk an å gå. So grotto er kanskje den lengste i verda, men eigentleg berre eit hol under bakkjen. Ei mammutgrotte, ei mammutskuffelse.