Skip to content

Me er i Vladivostok!

Me har klard det, me er kome heilt til Vladivostok! Ja, me har fylgd draumen vår og nådd målet vårt sjølv om mange ikkje trudde på det. Me har køyrd 1/3 rundt jorda, Bergen ligg på 5. breiddegrad og Vladivostok på 132. breiddegrad. Vladivostok ligg heilt aust i landet ved Stillehavet. Til Moskva er det meir enn 9 000 kilometer, til Kina rundt 100 km, til Nord-Korea cirka 200 km og til Japan er det berre eit steinkast over Japanhavet.

Vladivostok vart oppdaga av russarar i 1860 og byen har sidan utvikla seg raskt. I dag har den 600 000 innbyggjarar og utruleg mangjen bilar som om det var ein by med fleire millionar innbyggjarar. Til samanlikning har Vladivostok 600 000 innbyggjarar og eit areal på 600 km2, mens Moskva har 10,4 mil. innbyggjarar på eit område på 1 081 km2. Vegane i byen er ikkje laga til å takle så mykje trafikk, det er kø i heile byen heile døgeret. I tillegg til APEC-summiten i 2012 må dette vera grunnen til den store byggjeaktiviteten i byen. Alt frå innfartsvegar til gater i byen var ein stor byggjeplass.

  

  

  

  

Det er alltid spanande kor me vaknar når me har parkert i myrkne. I dag var det ein del bos rundt oss, gamal bensinstasjon og bilvaskeri, rett ved sido av ein trafikkert veg. Me køyrde til sentrum av Vladivostok og kom oss inn på den nye vegen til flyplassen. Midt i byen vart me stoppa av politiet, dei skulle berre sjekka papira. Me parkerte rett framom hotell Versailles i Svetlanskaja gate som var byen sin fyrste kino i 1895. Denne gato er oppkalla etter kryssaren Svetlana frå den Keisarlege russiske marine. Storfyrste Aleksej Aleksandrovitsj Romanov, marineoffiser og sonen til den russiske tsaren Aleksander II., vitja Vladivostok om bord Svetlana under den russisk-japanske krigen i 1905 då den vart søkt. I 1899 brukte storfyrsten kryssaren på ein ekspedisjon til Trondheim.

  

  

  

Me hadde ingjen konkrete planar i byen, me ville sjå korleis byen såg ut. Turen gjekk fyrst til gågata som var under oppussing. Alt skulle byggjast om i byen. Gågata førte ned til stranda der ein kunne leiga båtar og vatnsyklar, kjøpa mat (også kokt mais), suvenirar og verta fotografert med ei ape.

På Pl. Bortsov, ein stor plass midt i byen, står eit stort krigsmonument frå 1961 til minne om kjemparar frå Den fjerne austen i 1917-1922. Der rigga dei seg til med scene til Pacific Open 2011, russisk streetbasket cup.

Etter middag på ein kinesisk restaurant gjekk me på Lokalmuseet. På tre etasjar hadde dei utstillingar om lokal historie, revolusjon, krig og utstoppa dyr. Skiftande utstilling handla om japansk krigskunst og judo.

Rett bak museet ligg Tigertoppen, me gjekk opp der fordi Geir hadde sett ei utsiktsplattform frå stranda. Det var eit villastrøk oppå der og me trefte ein mann som henta avisa si i postkassa. Me vart ståande og snakka med han. Han var imponert over at me hadde køyrd gjøno heile Russland og vore på tur i 2,5 månader.

Seinare på dagen køyrde me ut av byen for å finna overnatting. På vegen ut av byen fann me Toyota-senteret som me hadde lyst til å kontakta for hjelp med radiatoren. Det var masse bustader overalt, so me køyrde i ein annan retning og kom oss på ein gjørmete veg som plutseleg slutta og kryssa hovudvegen til byen. Rett der var det ein kafé og hotell og me kunne parkera der og sove i teltet. Me ville i det minste bestille noko på restauranten, dei laga fantastisk sjasjlik med pota og porsjonen var kjempestor.