Skip to content

Me gjer bilen klar til shipping

Det var iskaldt både i hytta og ute, det regna og snødde. På campingjen avlyste dei også Halloween på grunn av veret. So me pakka heile dagjen og gjorde bilen klar til shipping over Atlanteren. Me vurderte fleire havna langs austkysten til USA, hadde mest lyst til å senda den frå New York, men fekk beskjed om at det var lang ventetid og at det var kortare ventetid lenger sør. Me ville ikkje køyre til Florida på dette tidspunktet, so me valde Baltimore i Maryland. Me hadde avtale med eit norsk selskap som driv med shipping av amerikanske bilar til Norge, dei sender både i container og som RoRo. RoRo tyder roll-on/roll-off og er egna til transport av last på hjul. Det føregår slik at dei får nøklar til bilen vår og køyrer den direkte om bord i skipet i havna der me leverer den og av skipet i målhavna. Me gjekk for RoRo fordi det var billegare og me har alt hatt nok utgifter med shipping. Som me fann ut seinare so var det ikkje so lurt, men me skal ikkje røpa noko no, fylg med vidare.

På ettermiddagjen tok me ein tur til Dundalk Terminal i Baltimore for å sjå kor me skal levera bilen om to dagar. Det tok 30 minuttar å køyra frå campingen, over brua og Harbor Tunnel. Havna i Baltimore er landets største havneanlegg for spesialisert last (roll-on/roll-off-skip) og handterer rundt 700 000 køyretøy per år. På vegen tilbake stoppa me i sentrum av Baltimore og åt lunsj. Det striregna og det var ikkje mykje folk ute. Det er ei fin bryggje i sentrum og litt utanfor sentrum er det mykje fine hus, kaféar og restaurantar. På matbutikkjen handla me til middag og køyrte heim. Me måtte framleis ordna ein del praktiske ting.

  

  

  

  

  

  

  

  

  

Mat i USA

Me har lyst til å skriva litt om maten me åt i USA. Me likar best å lage vår eigen mat, og me laga alt mogeleg, frå ferske og lokale ingrediensar. Vårt fyrste måltid i USA var russiske hermetikkbokser som til og med dei beste amerikanske tollare ikkje klarte å finna 😊 Deko tar feil hvis deko trur at det er enkelt å stoppa og laga mat kvar som helst. Til og med på rasteplassen merkt Rest area fekk me ein advarsel om at dei såg oss på kamera og at me ikkje burde laga mat der! Det at dei såg eit par flammar frå primusen som uansett sluknar etter eit halvt minutt er vel ikkje grunn til så mykje oppstyr. Denne episoden forsikra oss endå meir i det at det nesten ikkje er lov å gjera noko i USA. Til samanlikning kunne me laga oss mat kvar som helst i Russland. Det var faktisk ingjen som brydde seg om kor me sveiva opp takteltet heller, det kunne vera midt i ein by eller rett ved sida av ein politistasjon hvis me var utrygge. Hvis nokon tok kontakt ville dei berra snakka om kva me gjorde og kvar me kom frå. Dette gjaldt også politi. Sjølv om me køyrde både for fort og på raudt lys i Russland laga dei ikkje noko styr. I USA stod dei og lurte på utkøyrslar og la seg etter oss, ofte på grunn av skilta og sette på sirenar og pressa oss ut i vegkanten for å stoppa oss, akkurat som i amerikanske filmar. So må du sitja i bilen med hendene på rattet fordi dei trur sjølvsagt du har skytevåpen. Når du til slutt har fått sveiva ned ruta so vert du mistenkt for alt mogeleg, endå fart og køyring har vore heilt normal.

Men tilbake til maten som me ville skriva om 😊 Me har vore kritiske til amerikansk mat, mest fordi alt i butikkane er søtt og på restaurantar får ein som oftast bestilt hamburgarar og pizza. I butikkar går det nesten ikkje an å finna noko som ikkje er fat free, low fat eller reduced fat, altså utan feitt eller med redusert feittinnhald. I Amerika er det rikjeleg med overvektige meneskjer, og når overvekta byrjar å verta eit samfunnsproblem og staten brukar ikkje akkurat lite midlar for å kjempa imot, so burde dei kanskje tenkje i ei anna retning enn å skriva på alle produkt at dei er utan feitt. Omtrent i alt er det sukker, til og med i skinka. Jogurt naturell kan ein berre leita etter i USA (i Canada gjekk det an å finna den etter litt strev). Og brød utan sukker finn ein rett og slett ikkje, i butikker sel dei berre svampbrød av type McDonalds. So det ser ut til at produsentane heller skader folk som trur kor sunt dei et. Klart det er vansjkeleg å motstå når det er lagt ut kaker og muffins på kvart hjørne i butikken. Me kjem sikkert til å rulla heim 😊 På den andre sida, nokon har fått panikk og overdriver med trening slik ein mann på eit trafikklys gjorde – han hadde ikkje tid til å venta til det vart grønt og tok nokre armhevingar 😊

Ein positiv ting i amerikanske butikkar er at ein kan spara ein god del på tilbodsvarer med eit kundekort. Dette kan ein få gratis i mangjen butikkar og ein slepp å registrera seg. Andre stader får ein rabatt sjølv om ein ikkje har eit slikt kort. Til motsetning frå Norge eller Slovakia ser ein med ein gong kor mykje ein sparar fordi det vert trekt frå summen. Slik kan ein spare veldig mykje, ei dama framom oss i kassen sparte 40 dollar (ho betalte 160).