Skip to content

Me utforskar Tacoma

I dag var det fleire folk på teltplassen enn før då me vakna. Me kjøpte pannekakefrukost All you can eat som dei serverar på campingjen. Ein mann laga små tjukke pannekaker, nesten sveler, til masse folk. I tillegg laga dei også egg og pylser. Me kom oss av garde før klokko 11 og prøvde å fylle billig diesel på Safeway, men det tok litt tid før me kunne fylle og det hadde ikkje Geir tid til, so me berre køyrde vidare. Problemet var at me måtte betala på førehand og vårt VISA-kort virka ikkje i automaten sidan me måtte tasta 5-sifra postnummer som beskyttelse mot forfalsking.

  

  

  

  

Til Tacoma var det berre 45 minuttar med bil. Tacoma er tredje største byen i Washington, ein havneby som ligg ved Puget-sundet, cirka 50 km frå Seattle. Det er senteret til internasjonal handel på Stillehavskysten og har god infrastruktur til resten av landet. Her ender Northern Pacific Railroad, jernbane i det nordvestlege USA, som går til Minnesota i aust. Ved å kopla saman havna med jernbane, vart mottoet til Tacoma „When rails meet sails». Tacoma har fått namnet frå fjellet i nærleiken, Mount Rainier, som opphavleg heitte Takhoma og Tahoma. Ålesund og Vladivostok i Russland er søsterbyene til Tacoma.

I Tacoma gjekk me på Washington State Historical Museum. Det var stort, me fekk lesa historia om indianarar, sjukdomar, havna i Tacoma, depresjon på 1930-tallet, andre verdskrig, osv. I byen Hanford, som er ca. 300 km frå Tacoma, etablerte dei eit anlegg i 1943 som stod for den fyrste fullskalaproduksjon av plutonium i verda. Dette plutoniumet vart brukt i den fyrste atombomba som vart sleppt over Nagasaki i Japan. Produksjonen var so hemmeleg at til og med dei som hadde jobba der ikkje visste kva det skulle brukast til, og fekk vita det fyrst i 1945. Eit anna museum sentralt i Tacoma er Glasmuseet. Det var nok med eit museum i dag so me berre gjekk over brua over museet som var utsmykka med farga glas.

  

  

  

  

Vegen vidare gjekk sørover mot Silver Lake der me hadde sett skilt til Mt. St. Helens Visitor´s Centre som alt var stengt, men me skal koma tilbake i morgon. Ved Silver Lake fann me ein camping som hadde både plass til RV, telt og eit motell (der ein kan fiska frå balkongjen). Ein kunne leiga båtar og padla på vatnet med fin utsikt. Me fekk plass i nærleiken av inngangen til campingen. Om kvelden laga me oss norsk fiskesuppe med flatbrød. På kveldane er det no kaldare enn før, men i California skal det visst vera 35-40 °C.