Skip to content

Med ein fot i fire delstatar

Four Corners Monument er eit monument på grenso mellom Utah, Arizona, Colorado og New Mexico. Det er den einaste staden i USA der fire delstatar møter kvarandre. Regionen heiter Hjørnestatane (Four Corners) og minnesmerkje er oppkalla etter den. Det markerer også grenso mellom to delvis sjølstyrte indianarreservater: Navajo Nation og Ute Mountain Ute Tribe (ei av stammene av ute-indianarar). Sjølve monumentet er eit punkt i ein sirkel på bakkjen der ein kan stå på ein fot og sei at ein har vore i alle fire statar samstundes 😊 Rundt sirkelen er segl og flagg til alle statar og indianarreservatar i området. Sjølv om monumentet ligg avsides, er dette ein turistattraksjon og mangjen turistar kjem for å ta bilete. Navajo-indianarar driv denne staden og alle må betale inngangsbillett 3 dollar. Rundt minnesmerkjet er det plass til mangjen suvenirkioskar og bodar der ute- og navajo-indianarar vanlegvis sel handlaga suvenirar og mat, men det var nesten ingjen der då me var der på ettermiddagjen. Etter ein månad med ferie måtte Luba tilbake til arbeid og me skilte lag. Ho reiste til New York og me fortsette til New Mexico.

I tillegg til dei tre delstatar New Mexico møter i Four Corners, grenser det også til Texas og Oklahoma, og har ei internasjonal grense mot Mexico i sørvest. New Mexico er USAs 5. største delstat med 315 000 km2. Delstaten har 2 millionar innbyggjarar, den største prosentandelen latinamerikanarar i USA (49 %) og nest største prosentandel urfolk (11 %) etter Alaska. 40 % av befolkninga snakkar spansk og alle offisielle dokument vert utgjeve både på spansk og engelsk. Hovudstad er Santa Fe og den største byen er Albuquerque der Microsoft vart starta i 1975 av Bill Gates og Paul Allen.

New Mexico har ei spanande historie. Opphaveleg var område bebudd av urfolk, særleg pueblofolkjet, navaho og apache. Den europeiske koloniseringa byrja med ankomst av spanjolar på 1500- og 1600-talet som gjorde krav på områder nord og vest for Rio Grande. Dei kalla området for Nuevo México (Nye Mexico) og grunnla byen Santa Fe i 1610. Då Mexico fekk sin uavhengigheit frå Spania i 1821, vart New Mexico ein del av Mexico og fekk litt sjølvstyre. Sidan USA vann Den meksikansk-amerikanske krigen i 1848 vart New Mexico amerikansk, men den vart innlemma i USA fyrst i 1912 som 47. delstat.