Skip to content

Meksikansk hatt

Denne dagjen bestod stort sett av køyring og ikkje mykje spanande å melda om 😊 Me var på veg frå Moab sørover mot grenso med Arizona. Denne Arizona føl oss altså. På vegen passerte me Mexican Hat, ein liten stad med berre 31 faste innbyggjarar ved elva San Juan. Nord for byen, der me kom køyrande frå, står ein stein som frå nokre vinklar ser ut som sombrero. Denne meksikanske hatten (Mexican Hat Rock) gav namnet til den vetle landsbyen i nærleiken. Steinen har diameter på 18 meter.

  

  

  

Før kvelden hadde me lyst til å koma nærare Monument Valley slik at me kunne vitja det i morgo. Då me nærma oss kunne me langvegsfrå sjå dei kjende fjellformasjonar framføre oss. Rundt oss var enorme sletter, ørken, alt var raudt og støvete. Det vaks litt gras på bakkane, men elles var alt turt. Og framføre oss var ein heilt bein veg. På denne vegen er også staden der Forrest Gump avslutta sitt lange løp. Den majestetiske dalen Monument Valley var kulissen i filmen då han sprang der, og sjølv om denne scenen berre var vist kort i filmen, fekk den enorm merksemd. Folk byrja å strøyma til dette utsiktspunktet som er rett ved sido av vegen. I dag er Forrest Gump Point merka med eit skilt der det står “Forrest Gump finished his run at this point, 1980”. Dei fleste som vitjar Monument Valley kjem vanlegvis frå ei anna side (sørfrå) og får ikkje med seg dette utkikspunktet. Me hadde flaks at me kom køyrande nordfrå på veg 163, ante ikkje noko om verken Forrest Gump Point, Forrest Gump Road eller Highway. Det er ingjenting anna der enn utsikt mot Monument Valley. Det er på ein måte ein forsmak på sjølve Monument Valley. Me kom seint på dagjen og hadde sole rett mot oss so bileta våre er blasse og hovudobjektet er i skuggen. Viss deko skal planleggja ein tur dit og har lyst på fine bilete so anbefaler me å vera der tidleg på dag. Då skin sole rett på monumenta som får eit fint lys på seg.