Skip to content

Moskva – verdas fjerde største by

Hotellet me budde på heitte Melody (Melodia) i 2011, men skifta namn til Arbat House Hotel og gjennomgjekk ei grundig oppussing i 2014. Dette oppdaga me då me ikkje huska namnet på hotellet, byrja å google og kom fram til at det er eit nytt hotell no. So deko må ikkje sjå på bilete på hotellet si nettside, for då ser det ut som om me budde i luksus 🙂 Me fann dette hotellet fordi det var billig, sentralt og hadde god parkering. Allereie då var hotellet mykje brukt av finkledde forretnings- og ambassadefolk, også folk som ikkje budde på hotellet kom for å eta frukost. Frukostsalen var veldig fin og dei hadde eit stort utval av både egg, bacon, pølser, blini, risgraut, pålegg, grønsaker og alt ein kan tenkje seg. I frukostsalen var ein stor TV med berre diskomusikk. Det var forstyrrande så tidlig om morgonen. Dette er vanlig på alle restaurantar, også dei som ser seriøse ut.

Som me allereie har nemnt so er Moskva Europas største by og verdens fjerde største by (etter Shanghai, Mumbai og Buenos Aires). Moskva vart grunnlagt i 1147 som ein handelsby ved elvane Moskva og Jauza. Moskva var hovudstad i Russland fram til 1712 då Peter den store flytta hovudstaden til St. Petersburg. Den vart hovudstad igjen i 1918. Det er 5 000 gater og meir enn 80 museer i byen.

I går skreiv me at me budde i bydelen Novy Arbat som betyr Ny Arbat. I dag gjekk me til Gamle Arbat som er ei gågata med butikkar, kaféar, restaurantar, suvenirbutikkar og kunstnarar på gata som stiller ut og sel sine verk. Denne gata var ein gong hovudvegen frå Kreml til Smolensk og ordet arbat betyr forstad. Denne gata med trehus brann nesten heilt ned i 1812 då Napoleon angreip byen etter slaget ved Borodino og måtte byggjast opp att. Her kjøpte me vår fyrste magnet. Me hadde planar om å samla klistremerke som me kunne lime på bilen, men dette såg ut til å vera ukjent i Russland, so me byrja å samla magnetar i staden.

  

  

  

  

På vegen til Den raude plass stoppa me ved Kreml der me fann ut at dei stengde kl. 17 og at me heller ville gå dit i morgon. Presidenten sine vakter skal skifta kl. 12 og det vil me få med oss. Frå Kreml gjekk me gjennom Aleksandrovskij sad, ein av dei fyrste offentlege byparkar i Moskva som berre vart brukt av rike folk før i tida. Parken består av tre fine og velstelte hagar med mange tulipanar i alle moglege fargar. Parken strekkjer seg på nesten éin kilometer langs muren til Kreml. Der finst det også små monument som representerar russiske byar som har utmerkt seg i andre verdskrig (her igjen ser ein årstala 1941-1945 overalt). Me fekk med oss vaktskifte ved grava til den ukjende soldaten.

  

  

  

  

  

  

GUM på Den raude plass gjekk me forbi i går. I dag skulle me undersøkja det nærare, berre for å sjå om det var så fantastisk som me hadde høyrt. GUM er det største kjøpesenteret i Moskva og eit av verdas største. Det er 250 meter langt, 88 meter breitt og består av 3 passasjar med glasoverbygg. Totalarealet er på 69 000 m² og det er ca. 150 butikkar der. Det har vore handel her sidan 1600-tallet, men noverande GUM opna dørene i 1893. Me hadde ikkje planer om å shoppe der, ville berre sjå korleis det såg ut inne og det er imponerande at dei hadde so stort kjøpesenter i 1893.

Dagens matoppleving var på Pelmeshka, ein sjølvbetjent restaurant kor me tok eit brett og valde mat frå diskar. Me prøvde heimelaga salatar til forrett: salat stolitsjnij eller russisk salat, og salat med egg og ost. Den eine hovudretten var tefteli (kjøttdeigrull) med potetmos og saus, og den andre var kyllingfilet med ost og steikte pote.