Skip to content

Museumsdag i Jasper

Det ser ut som om fyring i bilen om morgonen er ei fast rutine når me er så høgt til fjells. Fast rutine kan me snart byrja å kalla naboen sine problem med å starta bilen. I dag hjelpte Geir han igjen med å få bilen i gang. Me åt frukost, pakka alt, tømde kloakkjen og køyrde til byen. Me hadde endå ikkje vore på det lokale museet Jasper-Yellowhead Museum & Archives. Det er veldig greitt å vitja lokale museer der me kan læra noko om lokalbefolkninga og plassen. Sleke opplysningar finn ein sjeldan andre stader. På detta museet fekk me vita at dei fyrste innbyggjarar kom gjønom Beringstredet for 10 000-12 000 år sidan. Dei lokale kvinnene blanda seg med kvite menn, skinnhandlarar frå Hudson Bay Company og North West Company. Jasper var dårleg tilgjengeleg og vart oppdaga seinare enn Banff. Turisme utvikla seg i beggje byar, Jasper er mindre og rolegare enn Banff. Etter at Titanic gjekk under vatn i 1912 byrja dei å utvikla ein isbåt som kunne motstå skot frå ubåtar – dette var berre eit eksperiment og aldri realisert.

  

  

Med ny kunnskap var me klare for å bevegja oss vidare. Me køyrde ut av byen og inn på veg 16 mot Mount Robson. Me hadde eit lengre stopp ved Thunder River og overraskande nok tordna og regna det. På vegen køyrde me langs Fraser River som er verdas største (lengste) lakselv som renn heilt til Stillehavet. Etter 4 timar var me framme i Clearwater der me sjekka oss inn på KOA Kamping. Dei hadde berre unserviced sites att, altså utan straum og vatn, men wi-fi var tilgjengeleg på heile campingjen. Plassen vår var mydlo tre og veldig myrk og det var utruleg mykje mygg der.