Skip to content

Musikkbyen Nashville

I dag vakna me utanfor Manchester der det eldste registrerte whiskeydestilleriet i USA, Jack Daniel´s Distillery, befinn seg. Til frukost fekk me kaffi av campingeigaren 😊 Etter ein times køyring var me framme i Nashville og sjekka oss inn på camping. Me vaska kle, gjorde ting på datamaskin pluss diverse andre praktiske ting. På ettermiddagjen tok me shuttlebuss til sentrum, sjåføren guida heile vegen, viste oss „sjåverdigheiter“ og kor me kunne eta billeg. Han hadde ein plakat i bussen der det stod: „Anyone over 80 rides free, if accompanied by both parents“ (Alle over 80 reiser gratis, viss dei ledsagast av begge foreldra) 😊

Nashville er hovudstad i delstaten Tennessee og vart grunnlagd i 1784. Den ligg ved elva Cumberland som rann over breiddo si i 2010 etter to dagar med intenst regn. Det var eitt år før me var der. Det var 1000-års flom som gjorde mykje skade. Nashville har i dag nesten 700 000 innbyggjarar, og er då litt større enn Bratislava eller Oslo. Musikkby er ein veldig god betegnelse av Nashville. Den har saman med Memphis, ein annan by i Tennessee vore voggo til musikkstilar som country og rock and roll.

  

  

  

Då me kom til sentrum fredag kl. 13-14, var det 14 forskjellige band som spelte på barar i Broadway Street. Mange store stjerner byrja sin karriere på lokalbarer nett her, blant anna Dolly Parton, Willie Nelson, Elvis Presley eller Roy Orbison. Byen var full av folk, cowboys og cowgirls i støvletter og med hatt på hovudet. Me stakk innom baren Bluegrass Inn, drakk øl og høyrde på live musikk, kanskje ei lovande framtidig stjerne. So tenkte me, kvifor ikkje gå på ein konsert? So me undersøkte det nærmare og kjøpte billettar til kveldens konsert i Ryman Auditorium. Me hadde god tid før konserten, so me rusla i byen, naut den spesielle atmosfæra med mykje musikk og liv i gatane. Me spaserte også på Music City Walk of Fame, ei gata med stjerner på bakkjen som hedrar artistar som har bidrege til musikkarv i Nashville og musikkindustri generelt.

Me rakk òg middag på ein italiensk restaurant. Det var ein av dei beste matopplevingane våre. Me bestilte seafood fettucini med reker, krabbe og kremsaus, og spaghetti med italiensk pølse og tomatsaus, servert med heimalaga ostebrød, og me måtte også smaka lokalølet Yazoo.

  

  

  

Konserten byrja klokko 20, som sagt i Ryman Auditorium. Det er eit konsertlokale med kapasitet til over 2000 tilskodarar som opna i 1892. Frå 1943 til 1974 var det kjend under navnet Grand Ole Opry House og det er det den er mest kjend for. Grand Ole Opry var eit lokalt radioprogram som starta i 1925 og som spelte køntrimusikk. Det var kringkasta i 30 delstatar og seinare også på TV. Ryman Auditorium reknast som fødestaden for bluegrass og er ein institusjon i Nashville. Me hadde ikkje peiling, me var heilt analfabetar, vettu. Berre kjøpte billettar til ein tilfeldig konsert i ein tilfeldig konserthall 😊 Forsøk om å riva ned konserthallen vart heldigvis ikkje realisert og no er den nasjonalt historisk minnesmerkje.

Men tilbake til konserten vår. Artisten som spelte i kveld heitte Keb’ Mo’ (slektning av Geir) ein jazz-blues-country sanger som har vunne Grammy Award 5 gongjer. Lokalet er kjend for fantastisk akustikk og konserten var verkjeleg bra. Folk koste seg, dansa, og den største overraskinga kom mot slutten. Kåno og ein kamerat av Keb hadde med seg to kaker på scenen med tal 2 x 30 (Geir vart også kalla opp på scena 😊). Keb hadde bursdag i dag, men me kunne ikkje sjå at han var 60 år, han såg ut som om han var 30! Alle publikummarar sang Happy Birthday til han 😊

Etter konserten gjekk me på byen, og åt nattmat før me skulle ta shuttlebuss heim att. Ved pølseboda traff me han som sat ved sido av oss på konserten og slo av ein prat med han. Han kunne ikkje skjøna at me ikkje visste kem Pam Tillis var (ho er amerikansk countrymusikksanger og skodespelar). Ho var visst også på konserten. Sidan me ikkje visste alt detta og me var so långt heimafrå, so spanderte han pylse på oss 😊